Kommuneplan Solund 2018 - 2030

Framsida samfunnsdelen - Klikk for stort bilete

Solund kommune jobbar med ny kommuneplan. Kommuneplanen skal synleggjere utfordringar, mål og strategiar for Solundsamfunnet og setje retning på framtidige satsing og planlegging. Den skal vere ein visjon for Solund, som viser kva slag samfunn vi vil vere.

 

Kva skjer no?

Arbeidsverkstader

Det vert i veke 7 arrangert arbeidsverkstadar der alle er invitert til å vere med.

  • Måndag 12.februar kl 18:00. Sulefisk sitt lokale på Eide.
  • Tysdag 13.februar kl 18:00.  Bygdehuset i Straumen.
  • Onsdag 14.februar kl 18:00. Bygdehuset på Hersvik.
  • Onsdag 28. februar kl 18:30 Grendahuset på Hardbakke

 

DIALOGMØTER

Vil du eller di bedrift/foreining/lag/gruppe/nettverk møte ei eller begge arbeidsgruppene for å gje innspel til kommuneplanen? Ta kontakt med tor.arne.hauge@solund.kommune.no så finn vi eit passande tidspunkt i løpet av februar-mars.

 

SOLUND KOMMUNEPLAN 2018-2030

Kommuneplanen er det øvste styringsdokumentet i kommunen sitt styringssystem. Det skal gje rammer for kommunen sine planar og tiltak, og planar for bruk og vern av areal i kommunen. Kommuneplanen inneheld ein samfunnsdel og ein arealdel. Kommuneplanen gjeld ikkje berre kommunen si eiga verksemd, men skal fange opp dei omsyn som er viktige for utvikling av kommunesamfunnet og forvaltninga av arealressursane.

TIDSPLAN

Februar-april 2018   Arbeidsverkstadar/dialogmøter/temamøter

April-juni 2018   Utkast til samfunnsdelen vert ferdigstilt og lagt ut på høyring

Juni-des 2018    Utkast til arealdelen vert ferdigstilt og lagt ut på høyring

 

ARBEIDSVERKSTADAR

Det vert arrangert arbeidsverkstadar kringom i kommunen 12., 13. og 14.februar. Desse dagane vert det og opna for dialogmøter.

 

DIALOGMØTER

Vil du eller di bedrift/foreining/lag/gruppe/nettverk møte ei eller begge arbeidsgruppene for å gje innspel til kommuneplanen? Ta kontakt så finn vi eit passande tidspunkt i løpet av februar-mars.

 

ARBEIDSGRUPPENE

Arbeidsgruppe Samfunnsdelen

Gunn Åmdal Mongstad (Sp), Steinar Krakhellen (H), Sølvi Songstad Waage (SV), Åse Iren Korneliussen (adm.), Terje Drengenes (adm.) og Gunnlaug Olsvoll Røed (adm.)

 

Arbeidsgruppe Arealdelen

Svein Utvær (H), Tom Færøy (Ap), Anne Kristine Dyrdal (Sp), Øystein Bolset Strand (adm.) og Helge Alme (adm.)

 

Alle sulingar, vener av Solund eller andre interessentar er velkomne til å delta i prosessen.

 

Ta kontakt for meir informasjon

tor.arne.hauge@solund.kommune.no

erik.askeland@solund.kommune.no

 

 

Gjeldande kommuneplan vart utforma gjennom ein lang og grundig prosess i perioden 2006-2009 og vart endeleg vedteken i 2010. Det er no lagt opp til ein meir komprimert planprosess, men god involvering og medverknad er også denne gongen avgjerande for å få ein god prosess og eit godt resultat.

Kommuneplanen vart vedteken etter den gamle planlova. Ny planlov, som kom i 2008, medførte store endringar for kommunal planlegging. Det er difor trong for oppdatering av både samfunnsdelen og arealdelen etter reglane i ny planlov. 

I arbeidet med Lokal utviklingsstrategi for Solund (2014-2015) vart det gjort eit stort arbeid for å finne gode strategiar for utvikling av Solundsamfunnet. Resultatet frå dette arbeidet er tenkt innarbeidd i kommuneplanen.

Publisert av Marit Utvær. Sist endra 19.02.2018 av Marit Utvær