Kikhoste er oppdaga i Solund

Det er no fleire tilfelle av kikhoste i Solund kommune.

Her finn ein informasjon om kikhoste, symptom, behandling og kva vi kan gjere for å førebygge sjukdommen.

Kva er kikhoste

Kikhoste (Pertussis) er ein langvarig luftvegsinfeksjon med kraftige hosteanfall. Frå ein blir smitta til sjukdommen bryt ut tek det ca 7 -10 dagar. Då vert ein forkjøla og det kan vere feber. Omlag ei veke seinare kjem typiske hosteanfall med «kiking».  

Hosteanfall kan gje brekningar og pustevanskar. Slik kan det halde fram i 2-3 månader, av og til meir.

  •  Sjukdomen er svært smittsam og smittar ved dråpesmitte
  • Kikhoste skal behandlast med antibiotika om sjukdommen vert oppdaga i ein tidlig fase - før 3 veker. Behandling etter den tid er ikkje tilrådd
  • Kikhoste finn ein ved å ta ein bakterieprøve frå nase


Spedbarn og små barn kan bli svært sjuke av kikhoste. Desse må vernast særskild frå smitta eller mistenkt smitta individ. Vert dei likevel smitta, skal lege kontaktast.

Alle som har fulgt barnevaksinasjonsprogrammet ved helsestasjonen har fått vaksine for kikhoste. Vaksina si varighet er 5-6 år. Det betyr at mange kan få sjukdomen, men vaksinerte får gjerne mildare symptom.

Korleis unngå smitte

  • God handhygiene. Vask hendene med nok såpe og vask hendene ofte og alltid før mat
  • Ikkje send sjuke barn i barnehage og på skule. Det vil spreie smitta.

 

For meir informasjon: sjå Folkehelseinstituttet si nettside om vaksiner www.fhi.no
I smittevernhandboka (fhi.no) finn du fleire råd om kikhoste Søk på kikhoste

Leif Martin Skjærstad
Kommunelege