Kartlegging og verdsetting av friluftsområde i Solund kommune.

På Husefjellet - Klikk for stort bilete

Kommunestyret i Solund kommune vedtok i desember i 2016 kommunal planstrategi. I denne planen stod det blant anna at det skal gjennomførast eit prosjekt for å kartlegge og verdsette områder for friluftsliv i kommunen, og no er arbeidet starta opp.

Friluftsområdekartlegginga er eit nasjonalt tiltak forankra i Nasjonal strategi for aktivt friluftsliv og i Folkehelselova. Den er eit verkemiddel for å identifisere areal i kommunen som vert brukt til friluftsliv i dag. Dette bidreg til å auke kunnskapsgrunnlaget for å kunne ivareta god arealplanlegging i kommunane.

Arbeidet i den einskilde kommune skal følgje metoden skissert i Miljødirektoratet sin rettleiar M98-2013. Ei fleirfagleg ressursgruppe i kommunen skal kartlegge, kategorisere og verdsetje alle viktige friluftsområde i kommunen. Resultata er ikkje juridisk bindande. Døme på type friluftsområder er leike- og rekreasjonsområde, grøntkorridorar, nærturterreng og utfartsområde.

Det er eit mål at alle kommunar skal ha gjennomført kartlegging av friluftsområda innan utgangen av 2018. Sogn og Fjordane Fylkeskommune har leigd inn FNF- «Form for natur og friluftsliv», som prosjektkoordinator i fylket. Dei skal informere og følgje opp kommunane undervegs i prosjektet.

I Solund kommune er det Tor Arne Hauge som er prosjektleiar og Anne Kristine Dyrdal som er prosjektmedarbeidar. Prosjektgruppa kjem til å ta kontakt med aktuelle personar og organisasjonar som referansar. Alle innbyggjarane er velkomne til å komme med innspel til arbeidet.

Ta gjerne kontakt med Tor Arne Hauge (e-post: tor.arne.hauge@solund.kommune.no) eller Anne Kristine Dyrdal (e-post: anne.kristine.dyrdal@solund.kommune.no) om du har innspel eller spørsmål.

Lenkjer:

Fann du det du leitte etter?