Koronaviruset - Covid 19

 

Her finn du: Oversikt over siste nytt  og meir Informasjon og tiltak frå Solund kommune

Praktiske spørsmål rundt koronaviruset? Ring sentralbordet: tlf 57 78 62 00

Medisinske spørsmål om koronaviruset?
Ring lokal koronatelefon 954 53 525 (dagtid, mandag - fredag) eller den nasjonale publikumstelefonen 815 55 015.

 

Innspel til kollektivruter 2021

Klikk for stort bilete Solund kommune vil med dette invitere innbyggjarar, bedrifter, lag og organisasjonar til å komme med innspel om eventuelle behov for ruteendringar for 2021. Føremålet med årlege ruteendringar er å fange opp lokale behov for justeringar og bidra til best mogleg samanheng i kollektivtilbodet i fylket. Til dømes kan det vere betre korrespondansar eller tilpassing til lokale aktivitetstilbod.

Det er nokre bindingar i moglegheitsrommet for endringar. I tillegg til dei økonomiske rammene er det særleg skuleskyss og etablerte korrespondansar som her legg føringar. Kommunen har ein koordinerande rolle, og det er Skyss/Kringom som vil ta innspela vidare. Gjennomføringa av endringar vil i hovudsak skje i samband med haustrutene i august.

 

Vi ber om at eventulle innspel blir sendt til post@solund.kommune.no innan 25. oktober 2020.