Koronaviruset - Covid 19

 

Her finn du: Oversikt over siste nytt  og meir Informasjon og tiltak frå Solund kommune

Praktiske spørsmål rundt koronaviruset? Ring sentralbordet: tlf 57 78 62 00

Medisinske spørsmål om koronaviruset?
Ring lokal koronatelefon 954 53 525 (mandag - fredag, 09 - 12) eller den nasjonale publikumstelefonen 815 55 015.

Treng du legehjelp utanom normal arbeidstid ring 116 117.

 

Informasjon om smittesituasjon og lokale tiltak

Klikk for stort bileteMange er uroa over smittesituasjonen nasjonalt, og Solund legekontor får for tida mange spørsmål, særleg med omsyn til reise.

Solund kommune fylgjer dei nasjonale smittevernråda, og har ikkje iverksett eigne reglar.
Du finn dei nasjonale råda på fhi sine heimesider

 

Solund legekontor har for tida god kapasitet for koronatesting. Det same har Helse Førde sitt laboratorium, og svar kjem vanlegvis eit døgn etter prøvetaking. Vi oppmodar difor om å ta kontakt for testing dersom du er i tvil.

Vi  frårår reiser innanlands til område med mykje smitte, t.d. Oslo, Viken, Haugesund. Slik reise må vere særs naudsynt, og gjeldande smittevernomsyn må fylgjast.

Reisande frå utlandet skal gjennomføre karantene, sjølv om negativ test føreligg.

Pr i dag er det ikkje smitte lokalt i Solund, men vi oppmodar kvar enkelt om å ta ansvar og følgje dei reglane som gjeld, slik at vi framleis kan unngå ein smittesituasjon i kommunen.