Høge straumrekningar? Prøv kommunen sin energiportal - heilt gratis.

Klikk for stort bileteMange opplever høge straumkostnader for tida. Det kan lønne seg å installere energitiltak, som for eksempel varmepumpe eller etterisolering av tak, for å få ned kostnadane.

 

Solund kommune har ein gratis og objektiv energiportal som gir deg raskt svar på kva energitiltak som passar i din individuelle bustad.

Her får du tilgang til portalen.

NB! Portalen vil ikkje fungere ved søk på GNR/BNR før vegadresse er endelege tildelt. Du kan likevel få eit generelt estimat ved å gå på valet "Definer bolig" og så legge inn areal, byggeår og type bustad.

I portalen legg du inn adressa di og definerer storleiken på bustaden. Vidare kryssar du av for kva oppvarmingskjelder du brukar, standard på bustaden m.m. Deretter legg du inn tal personar i bustaden og dusje-/badevaner. Du får då fram oppdatert dagens forbruk for husstanden.

Du kan deretter simulere ulike energitiltak og sjå kva aktuelle tiltak du sparer mest energi og kostnader pr år på.

For kvart tiltaksområde du simulerer, vil du få opp lokale leverandørar som kan installere tiltaket.

Meir generell informasjon om energiportalen finn du her (PDF, 2 MB).

Fann du det du leitte etter?