Har du rett adresse?

390px-Solund_komm_svg 3.jpg - Klikk for stort bilete

I samband med innføring av vegadresser har Solund kommune fått fleire tilbakemeldingar om at innbyggjarar får post med feil adresse. Det same gjeld ved varsling om hendingar gjennom Varsling 24 (sms, epost m.m.)

Solund kommune nyttar opplysningar i folkeregisteret ved utsending av informasjon. Det er difor viktig at alle melder flytting til folkeregisteret – også når du flyttar/har flytta innad i kommunen.

Du finn kva adresse du er registrert med ved å logge på t.d. Altinn, her kan du óg melde adresseending til folkeregisteret dersom registrerte opplysningar er feil.

Har du ikkje tilgang til data, kan du ta kontakt med folkeregisteret på telefon 800 80 000 og få hjelp og rettleiing der.

 

Les meir om Varsling 24 her

Fann du det du leitte etter?