OBS! Nettleseren din er utdatert. Vi anbefaler at du laster ned en annen, moderne nettleser som Google Chrome, Firefox eller Microsoft Edge.

IMPORTANT! Your browser is out of date. We recommend that you download a more modern browser like Google Chrome, Firefox or Microsoft Edge.

Har du innspel til vegløysing for Nord-Solund? Eller prinsipp for vegutbygging, flytebryggjer og parkering?

Kart Kråkesundet - Klikk for stort bilete

Solund kommune ber om kommentarar til framlegg til politisk sak om vegløysing i Nord-Solund. I same sak er prinsipp for utbygging av veg, flytebryggjer og parkering i heile Solund tema. 

Har du innspel til saka enten det er vegløysing i Nord-Solund eller prinsippa som gjeld heile Solund?

Frist for alle innspel til alle prosessar er 30. november 2022. Innspel sendast til post@solund.kommune.no eller Solund kommune, Hardbakke 26, 6924 Hardbakke.

Framlegg til prinsipp/ konklusjonar

  1. Eventuelle nye vegar og parkering i Solund kommune skal realiserast gjennom samarbeid med oppsitjarar (td. veglag) for å få til kostnadsfordeling.
  2. Ei vegløysing for Nord-Solund bør styrka Nord-Solund gjennom tilknyting til Hardbakke som senter for tenestene, knutepunkt for handel og godsfrakt, og som knutepunkt for overgang mellom bil, snøggbåt (framtidig) og lokalbåt. Solund kommune bør prioritera samferdselsprosjekt i Nord-Solund som gjev mest mogleg effektiv kommunikasjon for folk og gods, i prioritert rekkefølge:
    1. til og frå kommunesenteret,
    2. tilrettelegging for næringsliv, til dømes for dei store industriområda på Lutelandet og nye akvakulturområde i Nord-Solund,
    3. til og frå Krakhella.
  3. Hersvik kai eignar seg for anløp av godsbåt, og kan framleis vera mottakspunkt for gods i Nord-Solund.
  4. Blir det realisert veg til Kråkesundet bør den ende i offentleg kai.
  5. Småbåthamner, og evt. tilhøyrande sjøbodar og parkering skal generelt regulerast og realiserast av private, til dømes gjennom båtlag.

Lenke til heile kunngjeringa

Solund kommune har for tida mange prosessar på gang. Før administrasjonen lagar framlegg til planar vil kommunen ha inn innspel til kva som bør vera med i planane. I neste omgang skal framlegg til planar til politisk handsaming, og nokre av dei skal ut på offentleg høyring. Les meir her om korleis du kan påverke https://www.solund.kommune.no/tenester/prosjekt-og-overordna-planar/kunngjeringar-og-hoyringar/.

Til toppen