OBS! Nettleseren din er utdatert. Vi anbefaler at du laster ned en annen, moderne nettleser som Google Chrome, Firefox eller Microsoft Edge.

IMPORTANT! Your browser is out of date. We recommend that you download a more modern browser like Google Chrome, Firefox or Microsoft Edge.

Har du idear til turstiar, og ro- og padleruter?

Bilde av sjø og nes - Klikk for stort bilete Anne Kristine Dyrdal

Solund kommune ber om idear og kommentarar til prioriteringar av turstiar, og innspel om gamle og nye turstiar, og ro- og padleruter? Har du grunn å avstå til anlegg for fysisk aktivitet, eller ønskjer du å bidra med dugnadstimar eller økonomiske bidrag?

Du kan også delta på ope innspelsmøte om anlegg for fysisk aktivitet som er planlagt 21. november 2022 på Hardbakke. Følg med på nettsidene og facebook.

 Frist for alle innspel til alle prosessar er 30. november 2022. Innspel sendast til post@solund.kommune.no eller Solund kommune, Hardbakke 26, 6924 Hardbakke.

Les meir om prosessane her: 

Solund kommune har for tida mange prosessar på gang. Før administrasjonen lagar framlegg til planar vil kommunen ha inn innspel til kva som bør vera med i planane. I neste omgang skal framlegg til planar til politisk handsaming, og nokre av dei skal ut på offentleg høyring. Les meir her om korleis du kan påverke https://www.solund.kommune.no/tenester/prosjekt-og-overordna-planar/kunngjeringar-og-hoyringar/.

Til toppen