Handtert smittetilfelle

Solund kommune handterer eit smittetilfelle av Covid-19 i desse dagar.

Personen som er smitta er ikkje heimehøyrande i Solund kommune, men har testa positivt og er i isolasjon. Dei som har vore i nærkontakt med den smitta her i Solund er i karantene, men har testa negativt.

Personen har sjølv tatt kontakt med si heimkommune og sine nærkontakter for test og smittevern.

Minner om at det er viktig å halde dei smittevern råda som regjering og folkehelseinstituttet (FHI) gir.