Gratis vaksine mot lungebetennesle til alle over 65 år
Folkehelseinstituttet tilbyr no GRATIS vaksine førebyggjande mot lungebetennelse til alle over 65 år.
Legekontoret har fått inn ein del Pneumovax og set dei fortløpande i mai og juni.
Ring legekontoret for avtale - tlf 57 78 62 80
Pneumokokkar er ein bakterie som kan gje lungebetennelse, øyrebetennelse eller bihulebetennelse, men óg eit alvorleg sjukdomsforløp som blodforgiftning (sepsis) eller hjernehinnebetennelse (meningitt) med høg dødelegheit.
Pneumokokkvaksine gir god beskyttelse. Denne vert anbefalt å fornye kvart 10. år
Sist endra11.05.2022 11.27