Gratis HPV-vaksine.

HPV-unge kvinner - Klikk for stort bilete

Alle kvinner født 1991 og seinare får frå hausten 2016 tilbod om gratis vaksine mot humant papillomavirus (HPV-vaksine) gjennom eit to-årig vaksinasjonsprogram. Vaksinen anbefalast til unge kvinner for å førebyggje livmorhalskreft og forstadier til livmorhalskreft forårsaka av HPV-infeksjon. 

HPV-infeksjon er den vanlegaste seksuelt overførbare infeksjonen i verda. Dei fleste som er seksuelt aktive blir smitta i løpet av livet, dei fleste i ung alder.  Infeksjonen er som regel ufarleg og går over av seg sjølv, men nokon får ein vedvarande infeksjon som på sikt kan føre til livmorhalskreft. Kvart år får om lag 300 kvinner i Norge livmorhalskreft og 65­-100 døyr av sjukdommen. Vaksinen kan gi beskyttelse sjølv om ein har debutert seksuelt.   

HPV-vaksine har vore ein del av barnevaksinasjonsprogrammet til jenter i 7.klasse sidan 2009. Frå hausten 2016 kan uvaksinerte kvinner født 1991 og seinare også få tilbod om gratis HPV-vaksine. Tilbodet er midlertidig og varer i en toårsperiode frå hausten 2016. Vaksinasjonen består av tre vaksinedoser gitt i løpet av 6-12 månadar og må derfor startast opp innan utgangen av 2018.

 

Solund Helsestasjon gjev tilbod om HPV-vaksine, ta kontakt for timeavtale.

 

Helsestasjonstenesta:

  • Tlf: 57 78 62 82
  • Mob.nr: 958 46 413
  • Kontordagar: Måndag, onsdag, torsdag (1/2 dag) og fredag.
  • Helsestasjonen har lokale i 2 etg på Solundheimen.

Meir informasjon om HPV og HPV-vaksine finn ein på Folkehelseinstituttets nettside.

 

Publisert av Mark Elvevåg. Sist endra 01.11.2017 av Marit Utvær
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
Fann du det du leitte etter?
 
 
Login for redigering