OBS! Nettleseren din er utdatert. Vi anbefaler at du laster ned en annen, moderne nettleser som Google Chrome, Firefox eller Microsoft Edge.

IMPORTANT! Your browser is out of date. We recommend that you download a more modern browser like Google Chrome, Firefox or Microsoft Edge.

Glas- og metallkontaineren på Hardbakke

Dette gjeld NGIR sin glas- og metallkontainer som står plassert ved busstoppet i Håneset på Hardbakke.

NGIR er kontakta av innbyggjar i Solund som gjer merksam på at det ikkje er alt glas og metall som vert levert i konteinaren, men vert kasta i fjellveggen der konteinaren er plassert.

Dette er til fare for hundar og andre dyr og gjer at naboar til konteinaren må plukka opp glas og metall frå eigedomen sin og området rundt konteinaren. Det ser heller ikkje særleg triveleg ut, verken for dei som går forbi på gangstien eller skal kaste noko i kontaineren.

Solund kommune ber om at konteinaren vert nytta på riktig måte. Tilgrising av område er miljøkriminalitet.
 

Til toppen