Gjenvinningsstasjon i Solund

Klikk for stort bilete NGIR opprettar gjenvinningsstasjon ved Solund Verft i Solund etter god dialog med Solund kommune og Solund Verft. Denne erstattar rydderutene, og det betyr at det ikkje vil bli køyrd fleire rydderuter, heller ikkje våren 2019. Abonnentane i Solund må med den nye ordninga sjølv levera avfallet sitt til stasjonen.

Set difor ikkje ut boss i grøftene.

NGIR planlegg å opne denne stasjonen 24. august 2019. Stasjonen vil vera open 1 laurdag i månaden frå klokka 09.00 – 15.00. Vidare vil NGIR halde stasjonen open den tredje laurdagen i månaden.

Dersom nokon har spørsmål om denne ordninga, ber ein om at spørsmåla vert retta direkte til NGIR, og ikkje til kommuneadministrasjonen i Solund. 

 

Du finn meir informasjon på NGIR sine heimesider

Fann du det du leitte etter?