Forprosjekt nytt skulebygg og bibliotek.

Klikk for stort bileteI møte 20.juni vedtok eit samla kommunestyre å gå vidare med forprosjekt til nytt skulebygg og bibilotek.  Det skal no utarbeidast konkurransegrunnlag for bygging med mål om byggestart våren 2020.

Bygget er tenkt ferdigstilt sommaren 2021.

Med det nye skulebygget vil ein få moderne og funksjonelle undervisningslokale og ein får samla personalavdeling for begge skulebygga. Bygget rommar klasserom for ungdomsskulen, personalavdeling og spesialrom for musikk, mat og helse, kunst og handverk og naturfag. Nytt bibliotek har fått ei sentral rolle i det nye bygget og vil fungere både  som skulebibliotek og folkebibliotek. 

Klikk for stort bilete      Klikk for stort bilete