Førehandsrøysting til kommunestyre- og fylkestingsvala

Klikk for stort bileteI perioden 10. august - 06. september kan du førehandsrøyste til kommunestyre- og fylkestingsvala 2019. Du kan røyste på kommunehuset på Hardbakke og opningstida er kvardagar kl. 09.00-14.30.

I tillegg til å førehandsrøyste på kommunehuset kan du førehandsrøyste på følgjande stadar og datoar:

  • Laurdag 24. august - røysting på kommunehuset på Solunddagen
  • Onsdag 04. september - røysting på Solundheimen for bebuarar, tilsette og andre
  • Torsdag 05. september - røysting om bord båtruta i Nord-Solund, inkl. Hersvik. Avgang frå Hersvik kl. 12.00.

Ein kan førehandsrøyste i alle kommunar i landet. Røystegjevinga di vert så sendt til den kommunen du er manntalsført i. Du er sjølv ansvarleg for å røyste på eit tidspunkt som gjer at røystegjevinga di kjem inn til valstyret innan kl. 17.00 dagen etter valdagen.

 

Ambulerande røysting i heimen

Du kan også søkje om ambulerande røysting i heimen. Søknadsfrist er 03. september og du kan søkje ved å:

  • sende skriftleg søknad til post@solund.kommune.no eller til Valstyret i Solund kommune, Hardbakke 26, 6924 Hardbakke
  • ringe telefon 57 78 62 00.

Det må gå fram av søknaden at veljaren er sjuk eller ufør og difor ikkje kan førehandsstemme ein annan stad eller røyste på valdagen.

Fann du det du leitte etter?