Koronaviruset - Covid 19

Kommunen har etablert beredskap i samband med utbrotet av koronaviruset. Kommuneleiinga og smittevernlegen fylgjer situasjonen og utviklinga tett

Her finn du oppdatert informasjon om situasjonen og tiltak frå Solund kommune

Praktiske spørsmål rundt koronaviruset? Ring sentralbordet: tlf 57 78 62 00

Medisinske spørsmål om koronaviruset?
Ring lokal koronalinje 954 53 525 (dagtid) eller den nasjonale publikumstelefonen 815 55 015.

 

For deg som har fritidsbustad i Solund

Klikk for stort bileteRegjeringa innfører forbod mot å opphalde seg på fritidseigedom i anna kommune enn den ein er folkeregistrert i.

§ 5 i forskrifta om forbod er sett i verk 19.03.2020

Det gjeld unntak for dei som er i karantene fordi dei bur med ein som er bekrefta smitta av koronaviruset. Den smitta skal bli i heimkommunen, men dei som bur saman med ein som har bekrefta smitte kan opphalde seg på fritidseigedom i den perioden den smitta er i karantene. Strengt naudsynt vedlikehald eller tilsyn for å hindre store materielle skader er også tillete, men ein oppmoder om å engasjere fastbuande til å gjennomføre slikt tilsyn og vedlikehald.

 

Forskrifta er satt av regjeringa og kommunen har ikkje moglegheit til å gje dispensasjon. Brot på forskriften straffast normalt med 15.000 i bot.