Koronaviruset - Covid 19

Kommunen har etablert beredskap i samband med utbrotet av koronaviruset. Kommuneleiinga og smittevernlegen fylgjer situasjonen og utviklinga tett

Her finn du siste nytt, informasjon og tiltak frå Solund kommune

Praktiske spørsmål rundt koronaviruset? Ring sentralbordet: tlf 57 78 62 00

Medisinske spørsmål om koronaviruset?
Ring lokal koronatelefon 954 53 525 eller den nasjonale publikumstelefonen 815 55 015.

 

Fleire kan få bustøtte

Klikk for stort bileteInntektsgrensene har no auka slik at fleire kan få bustøtte. Dette er eit midlertidig tiltak i perioden april til oktober 2020 som skal hjelpe dei som er økonomisk ramma av korona-pandemien. Det er beregna at ca. 13 000 fleire kan få bustøtte. 

Les meir om den midlertidige ordninga på Husbanken sine nettsider.