Faktura for kommunale avgifter eigedomsskatt og feiing

Kommunale avgifter for 2. halvår 2024 vert fakturert i desse dagar. Forfall vert i januar 2025. 

Ta kontakt med Solund kommune på 57 78 62 00 om du treng å dele opp fakturaen.

Eigedomsskatten

Eigedomsskatten vart i juni ved ein feil fakturert etter satsane for 2023.  Ved denne faktureringa er rett sats nytta og eigedomsskatten vil difor for dei fleste auke noko i høve 1. halvår

Om feiing og tilsyn

Erfaringsmessig får vi mange merknader om at ein får gebyr for feiing og tilsyn sjølv om det ikkje har vore feia. Feiing er no behovsprøvd. Du kan lese oppdatert informasjon om dette her