Elveundersøkingar i Storelva i Kråkevåg/Kråkåsen

illustrasjonsbilete elv (L)(127461) - Klikk for stort bilete Det er hyra inn konsulentar til å vurdere miljøpåverknaden av forbyggingar og utrettingar i eit utval elver. Undersøkinga vil særleg handle om korleis laks og aure blir påverka, og kva grep som kan gjerast for å styrke fiskebestandane i elvene. Undersøkinga er ein del av oppfølginga av vassforskrifta, og blir gjort i samarbeid med fleire andre kommunar i fylket og fylkeskommunen.

 

Det er konsulentselskapet NORCE (tidlegare Uni Research Miljø) som skal utføre oppdraget. I felt skal dei m.a. gjennomføre habitatkartlegging, som går ut på å registrere botnsubstrat, skjulforhold, gyteområde, elvemorfologi, vandringshindre, kantvegetasjon m.m. I tillegg skal det utførast elfiske og gytefisktelling i enkelte av elvene. Undersøkingane vil bli utført i løp av oktober 2018, dersom vassføringa tillèt det.

Sjå meir her:

Avgrensingar elveundersøkingar (PDF, 580 kB)

Liste over vassførekomstar (PDF, 256 kB)

Fann du det du leitte etter?