Digital kafé for vaksne - oppstart 13.04.23

Solund kommune arrangerer digital kafé for vaksne. 

Her kan du få lære deg meir om korleis og kva du kan bruke smarttelefon og nettbrett/IPad til, som til dømes å ta bilete og lagre dei, bestille billettar, sende e-post osv.

Stad: Kontoret til Frivilligsentralen i Hardbakke Senter (vis a vis Gjenbruket

Tid: Torsdagar kl. 14.30 - 16.00 
Fyrste samling vert torsdag 13.04.2023

Første gongen vil ein kartlegge kva ein ynsker å lære og kva behova er. Du må ta med eigen telefon/nettbrett.

 

Endre Natvik saman med nokre ungdommar vil stå for opplæring.

Kurset er gratis

Det vert enkel servering