Desember er høgsesong for bustadbrannar – test røykvarslaren din

Røykvarslardagen 1.desember er ei viktig påminning om å ta branntryggleiken på alvor når vi no går inn i ei tid på året der det tradisjonelt brenn meir enn ellers.

-Her i vårt nedslagsområde var det heldigvis ingen bustadbrannar i fjor

Røykvarslardagen er ein landsomfattande kampanje som går fast av stabelen 1. desember kvart år. Det er Brannvernforeningen, DSB, og Gjensidige forsikring som står bak kampanjen sentralt. Lokalt er det brannvesenet og DLE (Det lokale El-tilsyn) som bidrar til å sette fokus på dette viktige budskapet.

-Om røykvarslarane fungerer slik dei skal, så må dei høyrast tydelig på opphaldsrom og soverom, også når døra mellom romma er lukka.  Alle må ha minst éin røykvarslar i kvarr etasje. Dei fleste har fleire varslarar, og då anbefaler vi at dei er seriekopla slik at om éin pip, så pip alle. I tillegg til 1. desember, bør du teste røykvarslarane dine jevnlig, samt etter du har vore bortreist i ei veke eller meir, seier Jørn Otto Olsen.

Ta ansvar for dine næraste

Brannstatistikken viser at det er nokon risikoutsette grupper som er meir utsette og sårbare om ein brann inntreff.  Det er mellom anna eldre og personar med nedsett funksjonsevne. 

-Mange av desse vil ha vanskar med å sjekke røykvarslaren(e) sjølv, og vi oppfordrar dirfor alle som har moglegheit til å hjelpe dei ein kjenner som kan tenkjast å slite med dette, sier Jørn Otto.

www.roykvarslerdagen.no finn du nyttig informasjon om tiltak som betrar branntryggleiken i heimen.
 

Faktaboks: Røykvarslarar og branntryggleik

  • Har du nok røykvarslarar? Ei undersøking frå Ipsos viser at 5 prosent av befolkninga ikkje har, eller er usikker på om dei har røykvarslarar. Det tilsvarer opptil 200 000 personar.
  • Kvifor røykvarslar? Røykvarslaren er heimen sin viktigaste livreddar, og ein enkel måte å auke branntryggleiken på.
  • Krav til røykvarslar: Alle bustader skal ha røykvarslarar eller brannalarmanlegg, og du må ha minst ein varslar i kvar etasje. Alarmen må kunne høyrast tydeleg i opphaldsrom og soverom, også når dørene mellom romma er lukka.
  • Plassering av røykvarslar: På høgaste punkt i taket, og minst ein halvmeter ut frå veggen.
  • Levetid og godkjenning: Røykvarslarar bør bytast ut etter 8-10 år. Sjekk produksjonsdatoen på baksida. Forhandlarar er ansvarleg for at røykvarslarane som dei sel er produsert i tråd til regelverket. Sjekk at varslaren er CE-merka.
  • Bruk seriekopling: Seriekopla røykvarslarar sikrar at alle varslar samtidig i heile bustaden.
  • Røykvarslarar er EE-avfall: Gamle og brukte røykvarslarar skal ikkje kastes i vanleg avfall, men kan leverast gratis til forhandlarar og til din lokale gjenvinningsstasjon.


Kontaktperson:
Jørn Otto Olsen, brannkonstabel i Solund brann og redning, telefon 900 98 217