Deler du brønn med naboen?

Drikkevatn - Klikk for stort bilete No skal alle små vassforsyningssystem registrerast.
 

Innan 1. juli 2018 skal alle vassforsyningssystem vere registrert hos Mattilsynet. Dette gjeld óg dei som er små, for eksempel ein brønn som forsyner to hus med drikkevatn. Meir informasjon, og lenke til registreringsskjemaet, finn ein på mattilsynet.no.

Registreringa kan gjerast enkelt frå mobiltelefonen

Registreringa er gratis, og Mattilsynet har utvikla eit enkelt mobiltilpassa skjema til føremålet. I skjemaet registrerer du vassforsyningssystemet si plassering ved å markere staden i eit kart, og det er kun nokre få tilleggsspørsmål som skal besvarast.

 

Mange fordeler med å registrere vassforsyningssystemet

Kommunen får tilgang til den registrerte informasjonen fra Mattilsynet. Når kommunen har oversikt over den geografiske plasseringa til dei ulike vassforsyningssystema, kan vi bruke denne informasjonen i vårt arbeid. Ei slik oversikt kan for eksempel vere svært viktig når kommunen legg planar for bruken av areala rundt brønnen og brønnområdet. Oversikta gjer det mogeleg for oss å vurdere omsyn til drikkevannskildene på eit tidlig tidspunkt. 

 

Drikkevatnet skal være trygt – óg fra små vassforsyningssystem

I januar 2017 kom ei ny drikkevannsforskrift, som sette tydelegare krav til trygt drikkevatn også frå små vanssorsyningssystem. Kravet om at alle vassforsyningssystem skal være registrert står i drikkevannsforskriften § 17. Ein presis definisjon av kva eit vassforsyningssystem er kan du lese i drikkevannsforskriften § 3, bokstav k. Informasjon til dei minste vassforsyningssystema på mattilsynet sine nettsider gir nyttig informasjon som er spesielt berekna for små vassforsyningssystem.

 

Har du spørsmål til registreringa? Ta kontakt med Mattilsynet sitt sentralbord på 22 40 00 00, og spør om å få snakke med di lokale avdeling.

Fann du det du leitte etter?