Bygge utan å søkje?

Klikk for stort bilete

Frå 1. juli 2015 er det  gjort endringar i Plan og bygningslova som medfører at fleire byggetiltak kan setjast i gong utan å søkje kommunen fyrst

 

På visse vilkår og i samsvar med PLAN  kan du på eiga bebygd bustad- eller fritidstomt  mellom anna:

  •  Setje opp eit frittståande bygg (garasje/bod/uthus)  på inntil 50m2. Bygget  må vere på ein etasje, utan kjeller,  ha maksimal mønehøgde på 4,0 meter og gesimshøgde på 3,0 meter. Bygget må plasserast  minimum 1 meter frå nabogrensa, og kan  ikkje innehalde rom for varig opphald; d.v.s. stove, soverom, kjøkken eller bad.
  • Setje opp  eit tilbygg (altan, sykkelbod, overbygd inngangsparti m.m.)  på inntil 15 m2. Tilbygget må plasserast minst 4 meter frå nabogrensa,  og kan heller  ikkje innehalde rom for, eller nyttast til varig opphald.

Du har sjølv ansvaret for å sjekke at tiltaket ikkje vert i strid med plan og bygningslova , reguleringsplanar, veglova, og gjeldande kommuneplanar eller anna regelverk

Før du startar å byggje må du sjekke at tiltaket er i samsvar med PLAN.

PLAN er reguleringsplan eller kommuneplan for det aktuelle området. Ver her merksam på at føresegner til desse planane kan ha andre og strengare krav til tiltaka enn det plan- og bygningslova med føresegner har.

Dersom tiltaket ligg i Landbruk, natur og friluftsområde (LNF) etter arealdelen til kommuneplanen og/eller i 100-metersbeltet (strandsona) langs sjø og vassdrag er tiltaket ikkje i samsvar med PLAN. Tiltaket krev i desse tilfella søknad (dispensasjon) og løyve før det vert sett i gong.

Opplysningar om dette kan du få ved å ta kontakt med Solund kommune.

 

Meir informasjon om kva som kan førast opp utan søknad og andre endringar finn du på Direktoratet for byggkvalitet sine nettsider.

Informasjon og verktøy som kan hjelpe deg til å finne ut om må søkje eller ikkje finn du på Vegvisaren «Bygg utan å søkje»

 

Nabovarsel.

Sjølv om det ikkje er krav til at naboar skal varslast, er det nok lurt å snakke med naboen før ein set i gong.

Etter at tiltaket er ferdig.

Hugs at det må sendast melding til kommunen når tiltaket er ferdig slik at kommunen kan oppdatere kart og bygningsopplysningane i matrikkelen.

Det vert gjort merksam på at om det i ettertid skulle syne seg at bygget ikkje er i samsvar med reglane eller vilkåra for å kunne bygge utan søknad, må det sendast inn søknad i ettertid. Vert søknaden ikkje godkjent må tiltaket rivast eller endrast på.  

 

Her finn du skjema kor du kan melde frå til kommunen om at du har byggd ein bygning eller tilbygg som er untatt søknadsplikt.