Bli med å forme framtida for reiselivet i Fjordkysten og Sunnfjord

Visit Fjordkysten og Sunnfjord inviterer innbyggarane til å delta i ei viktig undersøking for å bidra til å forme framtida for reiselivet i vår region. Det vil ta omtrent 3 minuttar å svare på undersøkinga.

MERK!

Solund kommune har også eigne kartleggingar i samband med utarbeiding av besøksstrategi for Solund i desse tider. Til dømes var det eit medverknadsmøte 22. mai, og det vil bli gjort kartleggingar utover sommaren. Det vil bli eit nytt møte om lokal besøksstrategi i haust. Solund kommune kjem til å nytte kunnskapen som kjem fram i undersøkinga til Visit Fjordkysten og Sunnfjord, men det er likevel vikitg at innbyggjarar og andre også engasjerer seg i det lokale besøksstrategiarbeidet, slik at besøksstrategien vert best mogeleg for Solundsamfunnet. 

Meir om Visit Fjordkysten og Sunnfjord si undersøking

Denne undersøkinga er ein moglegheit for innbyggarane i Fjordkysten og Sunnfjord til å dele sine meiningar, erfaringar og ønsker angåande turismen i regionen. Vi ønskjer å få innsikt i korleis turismen påverkar lokalsamfunnet, kva som finst av utfordringar eller moglegheiter, og kva som kan gjerast for å utvikle reiselivet på ein berekraftig måte.

Undersøkinga ligg i lenke.

Alle som deltek i innbyggarundersøkinga er med i trekninga av to billettar til Øyhopping med postbåten - Solund, Bulandet, Værlandet. Postbåten "Stjernsund" startar turen frå Hardbakke i Solund. Om sommaren, mellom midten av juni til midten av august vert den ordinære postruta forlenga mellom Hardbakke og Bulandet slik at du kan øyhoppe mellom øyane i vest. Retur frå Bulandet til Hardbakke er ikkje inkludert i premien. Les meir om turen på Fjord Norge: Øyhopping med postbåten - Solund, Bulandet, Værlandet - Fjord Norway.

Innbyggarundersøkinga er eit ledd i Visit Fjordkysten og Sunnfjord sitt arbeid for å kvalifisere seg for Merket for Berekraftig Reisemål. Dette kvalitetsmerket er eit viktig mål for destinasjonen og forpliktar reisemålet til å ta vare på natur, kultur og miljø, styrke sosiale verdiar og vere økonomisk levedyktig. Arbeidet med merkeordninga blir gjennomført med støtte frå Innovasjon Norge, som er ein viktig partner i vår satsing på berekraftig reiseliv.

Vi oppmodar alle innbyggarar i Fjordkysten og Sunnfjord til å delta i undersøkinga og dele sine synspunkt og erfaringar. Ditt engasjement og dine erfaringar er heilt avgjerande for å skape eit levande og berekraftig reisemål for både fastbuande og besøkjande. Saman kan vi forme framtida for reiselivet i regionen!

Det vil ta omtrent 3 minuttar å svare på undersøkinga.

For meir informasjon, ver vennleg å kontakte:

Rutt-Lovise Strand

Visit FjordKysten og Sunnfjord

Prosjektleiar

Tlf: +47 466 68 191

E-post: ruttlovise@fjordkysten.no

Visit Fjordkysten og Sunnfjord