Avfall på oppsamlingsplassar for bosshenting

Solund kommune er blitt kjend med at det vert sett ut avfall, også farlig avfall (bilbatteri, malingspann, internitt m.m.) på oppsamlingsplassane for bosslevering og hyttekontainerar.

NGIR tek ikkje med slikt avfall, det skal heller ikkje i kontainarane.

Boss og farleg avfall som ikkje er vanlig hushaldningsavfall, skal leverast til gjenbruksstasjonen på Solund Verft som er open kvar 3. laurdag kvar månad.

Dette avfallet som no ligg på fleire plasser må kommunen bestille ekstra bil for å hente inn og levere det på mottak, noko som kan medføre auka renovasjonsgebyr for alle.

Avfall og farleg avfall på oppsamlingsplassane kan óg medføre ei fare for menneske og dyr