Aktuelt
Publisert 09.06.2015

Laurdag 6.juni 2015 delte ordførar Ole Gunnar Krakhellen, på vegne av Forsvarsdepartementet, minnemedalje til Magnus Hjønnevåg. På medaljen står det Norge takker deg for innsatsen 1939-1945. I tillegg til medaljen, så fekk han ein blomsterbukett og boka «Solund – eit år der land møter hav» med ei helsing frå ordførar

Publisert 04.06.2015

 

Berre fantasien set grenser for korleis former og fargar kan setjast saman til kunst.

I faget kunst og handverk har elevar i 8 klasse arbeida med temaet landart. I samband med dette laga dei denne flotte formasjonen på den kvite sandsirkelen under lyslykta nede ved Hardbakke Hamn. Fantastisk flott

 

 

 

Publisert 01.06.2015

Visste du at…

… både flått og borreliabakterien fins i Solund?

…sjansen for å få den flåttbårne bakteriesjukdommen borreliose er liten, om du fjernar flåtten innan eitt døgn etter at den har bitt seg fast?

… flåttsesongen varer frå mars/april til november?

Publisert 19.05.2015

Sofie Steinsund og Åsmund Røed frå Solund ungdomsråd holdt tale og la ned krans ved minnestøtta over dei falne frå Solund under 2.verdenskrig. Talen tar for seg viktige og gode tema som vitnar om reflekterte og opplyste ungdomar. Vi er glade for å kunne printe talane her på heimesida vår.

 

 

Kjære bydefolk, gratulere med dagen!

 

Når vi står her i dag er det 70 år sidan 2.verdenskrig tok slutt. For oss som berre er 15 år verkar dette å vere svært lenge sidan, og det er så lett og tenkje at personane bak namna på støtta og var gamle. Men når vi ser på fødsels åra deira så ser vi at dei fleste var i 20 åra.

 

Det virkar heilt uverkeleg i dag, at ungdommar som var 6-7 år eldre enn oss reiste ut og kjempa for landet. Dei gav mest dyrebare dei hadde, nemleg livet. Alt for at vi som kom etterpå skulle få leve opp i dette fine og utruleg flotte landet. Men å ta freden for sjølvsagt må vi ikkje gjere, sjølv om det er lett når vi har det så godt på alle vis. Vi kan berre sjå rundt oss i verda og høyre nyheitene så ser vi kor tragisk kvardagen er for folk mange stader.

 

Publisert 30.04.2015
Nye statsborgarar våren 2015

Ordføraren vår har delteke på statsborgarseremoni i Førde saman med nye statsborgarar. Vel 40 nye statsborgarar var påmeldt, derav tre frå Solund.

Han seier det var veldig kjekt og fint å få dele dagen saman med familiar som feira nytt statsborgarskap.

 

Publisert 27.02.2015

 

Publisert 05.02.2015

Folkehelseavdelinga og Flora kommune har forhandla fram ein avtale med Laudauer Nordic for bestilling av måleutstyr for radon. Med denne avtalen kan innbyggarane i Solund kommune bestille radonmålarar til ein meir gunstig pris. Fordelen med ei slik avtale er at resultata av radonmålingane vert knytta til husnummer for å danne oversikt i eit kommunalt kart. Dette er i tråd med kommunens plikt til å ha oversikt over potensielle helsefarar i kommunen.

Bestillingsskjema (web)

 

Informasjon frå folkehelseavdelinga.no

Publisert 22.01.2015
jan. 2015

 

I samband med utarbeiding av nytt turkat i 2014, vart det rydda og merka 20 turstiar i Solund. Over ser vi eit flott bilete frå toppen av Pollatinden ein flott januardag i 2015.

Publisert 01.12.2014
MS Rani går som godsrute mellom Bergen og Solund frå 2014

 « MS RANI» går i rute mellom Bergen og Askvoll

Avgang frå Bergen er: Mandag, onsdag og fredag

 

KAPASITET :

Kran : 5 tonn ( frå kaia )
Kjølerom : 20 m2
Lasterom : 45 m2
Dekksareal : 100 m2
Total lastekapasitet: 150 tonn.

 

M/S RANI mob : 468 49 551.

For booking av last kontakt Kyst 1 mob: 940 14 192 eller vakttelefon : 913 04 056

Publisert 25.09.2014
2014

Solund formannskap fekk eit glimt av morgondagens havbruksnæring

 

Torsdag 18.september besøkte Solund formannskap oppdrettsbedrifta Sulefisk AS, eit lokaleigd oppdrettsfirma med innovasjonslyst. Michael Niesar (dagleg leiar), Øystein Espeland (styreleiar), Eivind Espeland (styremedlem) og Sveinung Kråkås frå Sulefisk orienterte formannskapet om deira drift.

 

Fann du det du leitte etter?