27 branndøde i Sogn og Fjordane sidan år 2000

Klikk for stort bilete I perioden 2000 til 2017 var det 949 bygningsbrannar i fylket. Dei mest brannfarlege månadene var januar med 112 brannar, og desember med 105. Ingen personar er så langt i år omkomne i brann i Sogn og Fjordane.

- Levande lys, peiskos, bruk av komfyren og meir bruk av elektrisk utstyr utgjer ein ekstra risiko i juletida, særleg i kombinasjon med inntak av alkohol. Gjer det difor til ein hugseregel å byte batteri 1. desember, som er Røykvarslardagen, seier Jørn Otto Olsen.

Alle bustader skal ha røykvarslarar eller brannalarmanlegg, og du må ha minst éin varslar i kvar etasje. Alarmen skal kunne høyrast tydeleg på opphaldsrom og soverom, også når døra mellom romma er lukka.

Kople røykvarslarane saman

- Du bør kople røykvarslarane saman, slik at alle varslarane pip samstundes ved brann. Dette kan gje deg verdifull tid til å evakuere, til dømes om ein brann startar i kjellaren og du søv i andre etasje. Det kan vere med på å redde liv, seier Jørn Otto.

Røykvarslarar bør testast jamleg og kvar gong du har vore bortreist over lengre tid. Det er også ein fordel å støvsuge den jamleg. Det aukar levetida til varslaren.

40 000 bustadkontrollar

Om lag 40 000 husstandar over heile landet får frå 1. desember besøk av lokale brannvesen/feiarvesen og eltilsyn med tilbod om gratis og uforpliktande sjekk av brann- og eltryggleiken i bustaden.

- Det er ein enkel kontroll av branntryggleiken, med rettleiing og informasjon. For dei som bur i huset er sjekken frivillig og kontrollørane vil legitimere seg når dei ringjer på, seier Olsen.

Røykvarslardagen er eit samarbeid mellom brann- og feiarvesenet, Det lokale eltilsyn, Norsk brannvernforening, Gjensidige og Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap.

røykvarslerdagen.no finn du nyttig informasjon om tiltak som betrar branntryggleik.

Det er og krav til att det skal vere tilstrekkeleg med slokke middel tilgjengelig i huset, viss du er usikker på om du har godkjend handslokker apparat i hustanden, kan de ta med hand slokkeren til Hardbakke brannstasjon for kontroll og ein prat. Dette gjer vi gratis. Gjelder tysdag 18/12-2018 frå kl. 12.00-15.00.

Har og nokre røykvarsler batteri til utdeling.

Kontaktpersonar lokalt:

Jørn Otto Olsen, Brannkonstabel Solund brannvern, tlf. 900 98 217

Fann du det du leitte etter?