23,5 millionar kroner til Solund.

VaraordførarTom Færøy og ordførar Gunn Åmdal Mongstad ved eit besøk på Sulefisk, dagleg leiar Michael Niesar til høgre.jpg - Klikk for stort bileteVaraordførarTom Færøy og ordførar Gunn Åmdal Mongstad ved eit besøk på Sulefisk, dagleg leiar Michael Niesar til høgre.jpg 10. september vart det kjent at Solund kommune får om lag 23,5 millionar kroner frå Havbruksfondet i 2018. 

- For Solund kommune er dette eit svært viktig bidrag for å kunne realisere planar som kan bidra til ei positiv utvikling for både busetnad og fleire arbeidsplassar i kommunen. Dette viser at havbruksnæringa i Solund er ein viktig bidragsytar til samfunnet, seier Solund sin ordførar Gunn Åmdal Mongstad.

I pressemelding frå Nærings- og fiskeridepartementet står fylgjande:

«Pengene kommer etter regjeringens salg av nye laksetillatelser. Rundt 50 selskaper kjøpte tillatelser for om lag 3,9 milliarder kroner. 80 prosent av disse pengene går til laksekommuner og -fylkeskommuner gjennom Havbruksfondet.

- Denne utbetalingen er med på å synliggjøre at oppdrettsnæringen gir noe tilbake til lokalsamfunnene. Dette er penger kommunene kan bruke på å utvikle tilbudet til innbyggerne sine innen kultur, helse, skole, idrett, infrastruktur eller andre områder, sier fiskeriminister Harald T. Nesvik.»

 

Pengar som kjem inn på Havbruksfondet vert fordelt etter ein fastsett fordelingsnøkkel berekna ut frå samla produksjon i kommunen.

Fann du det du leitte etter?