1. mars 2019 er siste frist til å kome med innspel til kommuneplan for Solund

Solund kommune jobbar med å revidering av kommuneplan og ynskjer innspel til planarbeidet før det vert laga eit utkast.

Sjå lenker for meir informasjon om planarbeidet:

Planstrategi for Solund kommune 2016-2019

Arkivsak 17/125 - Revidering av kommuneplan Solund kommune

 

Her (DOCX, 37 kB) finn du mal/skjema for innspel til kommuneplan for Solund 2019-2030

Innspel og merknader skal vere skriftlege og skal sendast til Solund kommune, Hardbakkevegen 26, 6924 HARDBAKKE eller post@solund.kommune.no innan 01. mars 2019.

Har du spørsmål ta kontakt med rådgjevar Tor Arne Hauge, tor.arne.hauge@solund.kommune.no

Kommuneplan for Solund kommune – 1. mars 2019 er siste frist for å kome med innspel til planarbeidet

Solund kommune vedtok 31.08.2017 planprogram for kommuneplan for Solund kommune. I samband med at kommunen varsla oppstart av planarbeidet blei det opna for å koma med innspel til planarbeidet. Det er også gjennomført fleire grendemøter og temamøter for å få innspel til planarbeidet. Til no er det kome inn om lag 50 innspel, og vi tek enno imot innspel. Solund kommune har knytt til seg plankonsulent som skal hjelpe oss i arbeidet med å utforme eit planframlegg. Planarbeidet går no inn i ein fase der alle innspel skal vurderast. Siste frist for å kome med innspel til planarbeidet vert difor sett til 01.03.2019.

Det vil sjølvsagt verte mogeleg å kome med merknader til planframlegget i den lovfesta høyringsrunden, men alle som har innspel som dei ynskjer skal vurderast i planframlegget må kome med dei så snart som råd og seinast innan 01.03.2019.

Innspela må vera så konkrete og tydelege at vi enkelt kan tyde og vurdere dei. Innspel som omhandlar nye eller endra arealføremål i planen må følgjast av eit kart som viser kva område som innspelet gjeld for. Det er òg fordel å leggje ved beskrivande tekst til karta. Jo meir detaljerte innspela er, dess lettare blir det å vurdere dei om dei eventuelt skal konsekvensutgreiast. Innspela kan i tillegg til å visa nye byggjeområde,med fordel også visa viktige areal for mellom anna friluftsliv, naturmiljø, rekreasjon og kulturmiljø.

Kart kan hentast ut på https://kommunekart.com/klient/solund og instruks for innlevering av innspel er å finne på kommunen sin heimeside.

Fann du det du leitte etter?
Sakshandsamar
  • Tlf: 57 78 62 27
  • Mob: 901 92 471
  • E-post: