Barseltreff

Ein møteplass for mammaer og pappaer!

Tema: Julekos

Kven: Helsesjukepleiar

Det er gratis å vere med

Dato
13. desember 2023
Tid
11:00 - 12:30
Stad
Solund Dagsenter

På større plassar tilbyr helsestasjonen gruppekonsultasjonar for barn født i same månad, men i Solund kan det vere vanskeleg ettersom fødslane kan vere spreidd i løpet av året.

Solund Helsestasjon tilbyr difor foreldre- barn treff som eit alternativ. Her kan ein treffe andre småbarnsforeldre, få kunnskap og dele erfaringar.

Tilbodet er også ein plass der nyinnflytta mammaer og pappaer kan bli kjent med Sulingane i same livssituasjon.