Vedtak
Solund formannskap løyver heile summen på fond 7002 Førebyggjande arbeid barn og unge til Solund fritidsfond. Fond 7002 vert avslutta.
Punkt 4. i Retningslinjer for fritidsfond for Solund kommune vert endra til:
Det kan bli gitt maksimalt 5.000,- kr. i støtte til eit enkelt barn/ungdom i løpet av eit år.
Søknadsbeløp må være minimum 300,- kr. pr. barn/ungdom. Det kan søkjast fleire gonger i løpet av året.
Retningslinjer for tilskot til gratis arrangement i frivilligheita for Solund kommune får endra tittel til Retningslinjer for tilskot for sosial utjamning til arrangement i frivilligheita. Punkt 3 får tilføyinga:
- Reduksjon av eigendel for turar som lag og organisasjonar arrangerer for medlemsgruppa. For dette punktet er det unntak frå kravet om at tiltaket skal vere uavhengig av medlemskap.
Behandling
Representanten Anne Kristine Dyrdal ber formannskapet vurdere hennar ugildskap i saka.
Formannskapet finn representanten ugild etter kommunelova § 11-10, 2. ledd.
Representanten deltek ikkje i vurderinga av eiga gildskap.
Votering:
Kommunedirektøren sitt framlegg til vedtak vart samrøystes vedteke.