Vedtak
Tema og verkemiddel i nasjonal oppfølging.
1. Dersom ein skal nå måla i Naturavtalen er nasjonale mynde avhengig av at kommunar og lokalsamfunn også «eig» målsetjingane og at ein har ei felles forståing for oppfølging.
Det er avgjerande at nasjonale mynde legg til rette for god kunnskapsdeling og er samordna i møte med kommunane og om tiltaka som skal gjerast.
Fleire naturtypar er avhengig av t.d. beiting og god skjøtsel. Difor må ein vurdere fleire tiltak enn vern for å sikre desse.
Ein må stimulere til tiltak som gjer at lokalsamfunn tek ansvar og at ein sikrar ei berekraftig forvaltning, Gode døme på dette er friluftsråda og regional- og geoparkar der ein involverer lokalsamfunn og grunneigarar.
Likeeins må ein legge til rette for aktiv landbruksdrift også i kystområde, slik at landskap og beiteområde vert halde i hevd.
Dette vil også sikre busetnad og eigarskap til lokalsamfunn og miljø.
2. Som kommune vil ein vere ansvarleg for heilskapleg arealplanlegging. Det er her avgjerande at også dei statlege mynde er samordna og at ein i samarbeid med kommunane kjem fram til gode tiltak. Kommunane vil også bidra gjennom gode lokale klima- og miljøplanar og naturmangfaldsplanar.
Staten kan bidra med gode verktøy for kartlegging av naturtypar, slik at kommunane i større grad kan gjere eit arbeid med dette sjølv. På den måten vil ein også kunne sikre ein tettare dialog med grunneigarar.
Behandling
Felles framlegg til vedtak v/ordførar Gunn Åmdal Mongstad:

Votering:
Felles framlegg til vedtak vart samrøystes vedteke.