Vedtak
Fylkesveg 606 med ferjesambandet Krakhella-Rutledal-Rysjedalsvika- Losna er livsnerva for Solundsamfunnet, og det er avgjerande at sambandet har eit tal avgangar og kapasitet som kan ta unna aukande trafikk. Med fleire timar mellom kvar avgang vil det å ikkje kome med ferja påføre både private og næringsreisande heilt andre konsekvensar enn eit samband med kort overfartstid og hyppigare frekvens. Det er difor svært viktig at dei innspela som er omtala i denne saka vert grundig drøfta vidare, og Solund kommune ynskjer difor ein tett dialog med Vestland fylke/Skyss i den vidare prosessen før endeleg rutetabell vert landa. I denne prosessen må ein også sikre gode korrespondansar med andre interne ruter.
Uttale til planlagd rutetilbod for ferjesamband i Sogn og Fjordane gjeldande frå 1. januar 2027:
Framlegget frå fylkeskommunen er ei vidareføring av eksisterande ruteopplegg. Kapasiteten i neste anbodsperioden må aukast grunna venta auka trafikk, og rutetidene må justerast for å redusere ventetida midt på dagen – særleg for næringsdrivande. Solund kommune ønskjer at ein skal få til ein ekstra avgang mot Rutledal midt på dagen, og meiner at det er så viktig at ein med dagens materiell bør strekkja køyringa noko lengre ut over kvelden for å få dette til.
Framlegg:
- Auka kapasiteten på ferja frå dagens 62 bilar på Rysjedalsvika-Rutledal-Krakhella-Losna
- Ekstra avgang til Rutledal midt på dagen, kan ordnast med å strekkja køyringa noko lengre ut over kvelden.
- Elektrifisering må ikkje redusera dagens kapasitet, og ferjene bør også ha alternativ framdriftsløysing, som diesel eller liknande.
- Det er viktig å unngå forseinkingar og ha tenlege anløp til Losna.
- Solund formannskap ber om at oppstart av det nye ruteopplegget skjer når ein er samde om detaljane. Det kan difor vere for tidleg å setje i verk ruteendringane frå 2023.
- Reservemateriell må ha kapasitet for minst tilsvarande tal bilar som den ordinære ferja og kapasitet til å halde rutetabellen. Dagens reserveløysing med passasjerbåt er ikkje tenleg løysing åleine. Det er ikkje bussruter til dette sambandet, og reisande er avhengige av bil. Reservemateriell (ferje) må liggja så nært at det kan setjast inn innan to timar.
- Med ei ferje kan ein vanskeleg sjå føre seg at ein kan auka frekvensen på sambandet utan å ha betydeleg høgare fart. Det bør difor på nytt vurderast om to ferjer kan vere eit alternativ. Dette vil også kunne bidra til større fleksibilitet på sambandet.
Uttale om behov for styrking av tilbodet i noverande anbodsperiode
Dagens rammer er noko små med tanke på eksisterande og venta trafikkauke dei neste fire åra – før ny anbodsperiode. Solund kommune ønskjer at Vestland fylkeskommune vurderer tiltak for å styrka ferjetilbodet Rysjedalsvika-Rutledal-Krakhella-Losna i perioden fram til 2027.
Framlegg:
- Auka kapasiteten på ferja frå dagens 62 bilar på Rysjedalsvika-Rutledal-Krakhella-Losna frå sommaren 2023.
- Ekstra avgang til Rutledal midt på dagen, kan ordnast med å strekkja køyringa noko lengre ut over kvelden. Dette føreset at korresponderande rutetilbod med ferjer og lokalbåtar i Solund vert endra tilsvarande.
- Reservemateriell må ha kapasitet for minst tilsvarande tal bilar som den ordinære ferja og kapasitet til å halde rutetabellen. Det bør vurderast om det er naudsynt med to ferjer på sambandet.
Behandling
Felles framlegg til vedtak:

Votering:
Det vart røysta over formannskapet sitt felles framlegg til vedtak.
Felles framlegg til vedtak vart samrøystes vedteke.