Vedtak
Solund kommune visar til brev frå Vestland Fylkeskommune med invitasjon til å komme med innspel til gjennomgang av spelmiddelordninga.
Solund er ein rein øykommune med om lag 770 innbyggjarar. Busettinga er spreidd på om lag 20 øyer, der ein del av desse er veg- og brulause stader. Kommunen er difor i praksis ein eigen bu- og arbeidsregion, og det er ikkje eit reelt alternativ å reise til nabokommunar for å drive fysisk aktivitet i kvardagen. Kommunen har eit sterkt sentrum der alle dei kommunale tenestene er samla, og hovudvekta av innbyggjarane bur i og ved sentrum.
Som ein forholdsvis liten kommune, der det er avgrensa kor mange som brukar dei ulike anlegga, og det er ikkje alltid behov for anlegg av dei storleikane som er skissert i føresegnene for spelemiddelordninga. Med bakgrunn i dette må heller ikkje minstesummen for spelemiddelprosjekta aukast.
Solund kommune meiner dette må vere overordna målsettingar for arbeidet:
- Spelemiddelordninga har fleksibilitet i forhold til behov på staden og type kommune knytt til dei tekniske krava for anlegga.
- Grensa for å kunne søke tilskot til ulike prosjekt må framleis vere låg.
- Vekting av anleggsdekning må ta omsyn til reisetid, avstand og geografiske forhold.
Forankring i lokalt planverk:
I Solund kommune sin samfunnsdel (lenke) seier vi noko om korleis vi vil ha det i kommunen;
- eit variert bustadtilbod med god kvalitet og trygge bustadmiljø, der kultur-, idretts- og organisasjonsliv skaper aktivitet, fellesopplevingar og identitet.
- barn og unge som har trygge, likeverdige og utviklande oppvekstvilkår i en kommune som verdset kunnskap, ferdigheiter og mangfald.
- god helse og ingen sosial ulikskap og utanforskap
- innbyggarar, besøkande og næringsliv som deltek i aktivitetar, og skapar aktivitet fordi dei ynskjer å bidra positivt for seg sjølv og andre.
- innbyggarar, besøkande og næringsliv som brukar naturen aktivt på ein berekraftig måte.
Det er viktig at også mindre kommunar har gode tilbod og aktivitetsanlegg. Solund kommune meiner at spelemiddelordninga også må sjåast som eit verktøy for meir enn å utvikle anlegg for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv, men eit verktøy som bidreg positivt i samfunnsutviklinga og dreiar denne i ynskja retning. Solund opplever at dei etablerte anlegga bidreg til bustadattraktivitet.
Det er viktig å sjå ting i samanheng. Eit spelemiddelsprosjekt kan sjåast som eit aktivitetsanlegg og heng saman med folkehelse, men det kan også løyse problemstillingar i samband med trafikktryggleik, legge til rette for tilkomst til kulturminne, geologiske interessante punkt og svartelista artar. Etablering av turstiar kan også i noka grad styre kor ferdselen skjer.
Solund kommune meiner dette må vere overordna målsettingar for arbeidet:
- Spelemiddelordninga skal bidra til å auke bustadattraktivitet og betra bumiljø, motverke sentralisering, sikre sosial utjamning og legge til rette for betra folkehelse. Det tel positivt at anlegg også løyser andre utfordringar.
Korleis ordninga har fungert og korleis ein har nytta ordninga i Solund kommune
Solund kommune har gode erfaringar med spelmiddelordninga. Denne ordninga gjer det mogeleg å ha større fokus på idretts- og fysisk anlegg, og eit større aktivitetstilbod i ein distriktskommune. Frivilligheita i Solund gjer ein enorm innsats for å skape eit stort og bredt aktivitetstilbod i kommunen med utgangspunkt i desse anlegga.
Solund kommune har satsa på lågterskel anlegg og nytta ordninga til å etablere både nærmiljøanlegg blant anna i tilknyting til skule, til å bygge opp eit flott aktivitetsanlegg; Solund Idrettspark, med ei rekkje aktivitetar, og turstiar. Solund Idrettspark har blitt til ved å bygge stein på stein etter ein langsiktig plan. For ein mindre kommune er det viktig å kunne bruke tid på å utvikle og bygge ut anlegga, med omsyn til både tidsmessige og økonomiske ressursar. Med ei spreidd busetting er det også viktig at det er rom i føresegnene til å bygge ut anlegg også i dei meir grisgrendte delane av kommunen.
Solund kommune meiner dette må vere overordna målsettingar for arbeidet:
- Spelemiddelordninga skal vere open for å bruke tid på å utvikle/ bygge ut anlegg over fleire steg.
- Spelemiddelordninga skal ikkje legge avgrensingar på lokalisering av anlegg basert på sentralitet, folketettleik, skulekretsar eller liknande.
Tema 1: Byggjer vi dei rette anlegga?
Behov og interesser spesielt blant barn og unge endrar seg fortare enn før, og nye anleggstypar kjem og går. Det er truleg behov for å utvikle anleggskonsept som er enkle å bygge om og som tilrettelegg for fleire typar aktivitet på same anlegg. Til dette er ordninga Nyskapande aktivitetsarena ideelt, og må sikrast også for framtida.
Med omsyn til utfordringane med klima- og naturkrisa, må klimaomstilling vere eit tema i føresegnene og tildelingane. Temaet er relevant opp mot spelemiddelordninga og utbygging av anlegg i samband med klimagassutslepp på varer og tenester, klimatilpassing knytt til vêrendringar, karbonbinding, framande artar og nedbygging av areal og ureining som microplast. For å unngå unødvendig nedbygging av areal, bør ombruk av nedbygd areal premierast. Det bør vurderast å kunne nytte spelemidlar for å legge til rette for aktuelle kulturminne for bruk til anlegg for fysisk aktivitet, samtidig som ein tek i vare kulturminnet.
Anleggsbehova må definerast i den enkelte kommune der ein kjenner behovet best, og kan sjå anlegg for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv i samanheng med anna samfunnsutvikling i kommunen Barn og unge må medverke i dette arbeidet. Det er viktig at fylkeskommunen bidreg med tips og råd, og orienterer om trendar innan anleggsbehov i behovsvurderinga.
Solund kommune meiner dette må vere overordna målsettingar for arbeidet:
- Spelemiddelordninga skal opne for å bygge nærmiljløanlegg om til andre typar anlegg for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv, så lenge den totale levealderen for anlegget er som i føresegnene i dag. Mindre tilskot til ombygging kan gjevast.
- Spelemiddelordninga gjev ekstra tilskot til:
- ombruk av areal, bygg el.l. ved etablering av anlegg. Fråvik av spesifikke krav til anlegg kan vurderast i slike tilfelle.
- anlegg som kan brukast til mange ulike aktivitetar.
- anlegg som lett kan endrast til noko anna ved ei ombygging .
- Spelemiddelordninga gjev ekstra tilskot til anlegg som nyttar klima- og naturvenlege løysingar tilpassa lokale forhold som geografi og lokale ressursar.
- Det skal i gjennomgangen av spelemiddelordninga vurderast om spelemiddelordninga kan nyttast til å etablere anlegg i kulturminne der ein også tek vare på kulturminnet.
- Fylkeskommunen bidreg med råd, og informasjon om trendar for anleggsbehov til kommunane.
Tema 2: Krav, vilkår og insentiv
Statistikk visar at ungdom over 15 år og den vaksne befolkninga driv i størst grad eigenorganisert aktivitet, gjerne i form av friluftsliv. Barn og unge deltek i organisert aktivitet omvendt proporsjonalt med aukande alder. Ein må sikre at det vert etablert anlegg som aktiviserer flest mogleg generelt, og sikrar at barn og unge får med seg gode opplevingar og meistring i samband med fysisk aktivitet inn i vaksen livet. Anlegga må også i størst mogleg grad vere opne for ålmenta og aktivitet som ikkje krev økonomisk ressursar for deltaking. Dette må sjåast i samanheng med ordningar for utlån av utstyr og tilskot til deltaking på aktivitet.
Solund kommune meiner dette må vere overordna målsettingar for arbeidet:
- Spelemiddelordninga skal prioritere anlegg som er opne for ålmenta og som inviterer til eigenorganisert aktivitet.
Tema 3: Kven bør ha ansvar for kva?
Solund kommune ynskjer å framheve den gode dialogen og rettleiinga som Vestland fylkeskommune (VFK) tilbyr i samband med utvikling av prosjekt og utarbeidinga av spelemiddelsøknader. Den nære relasjonen mellom kommune og fylkeskommune, og lokalkunnskapen VFK har, har vore heilt avgjerande for spelemiddelprosjekta i Solund sin suksess. Det må sikrast god søkjar kompetanse hos aktuelle søkjarar.
Solund kommune meiner dette må vere overordna målsettingar for arbeidet:
- Arbeidsfordelinga i spelemiddelordninga skal ikkje sentraliserast utover dagens system, og skal prioritere løysingsorientert dialog, lokalkunnskap og nære relasjonar.
- Søkjarkompetansen må sikrast med godt tilbod om kursing, og tilbod om rettleiing for søkjarar.
Anna:
Solund kommune støttar fråsegn vedteke av Fylkesutvalet 21. september 2021 som er sendttil departementet:
«Fylkesutvalet ber om at følgjandeutale vert sendt til Kulturdepartementet: «Vestland fylkeskommune ber om at Kulturdepartementet gjer ei grundig vurdering av kva tiltak som kan gjerast for å redusereventetida på spelemidlar i fylkeskommunar som har lang ventetid for tildeling. Det er per i dag svært stor forskjellpå kor lenge eit anlegg i gjennomsnitt må vente på tildelingav spelemidlar. I Oslo har ventetida dei siste åra vore på 0,15 år (2021) og 0,30 år (2020).For Vestland fylkes har ventetida vore på 3,58 år (2021) og 3,97 år (2020). Det bør gjerasttiltak slik at ventetida melom anlegg er så lik som mogeleg over heile landet.
Vestland fylkeskommune har fleire forslag til korleis dette kan gjerast:
- Inkludere ventetid som del av kriteria for hovudfordelinga i tillegg til kriteria godkjend søknadssum, tal innbyggjarar og anleggsdekning.
- Erstatte pkt 2.5.3 i «Bestemmelsene» med ei formulering om auka tildeling til områder med lang ventetid.»
Nærmiljøanlegg er mindre tiltak som er enklare å etablere. Det bør vere kortare ventetid på desse anlegga, enn ordinære anlegg, for å stimulere og sikre given og motivasjonen hos lag og organisasjonar som ynskjer å bygge slike anlegg. Solund kommune meiner at anleggspoltikken til Vestland fylkeskommune må stimulere bygginga av nærmiljøanlegg. Dette kan gjerast ved å auke tilskotssatsen til nærmiljøanlegg i forhold til ordinære anlegg, og dermed får ned ventetida på denne typen anlegg.
Behandling
Framlegg til nytt punkt v/ ordførar Gunn Åmdal Mongstad
Vekting av anleggsdekning må ta omsyn til reisetid, avstand og geografiske forhold.
Votering:
Det vart røyste over ordførar sitt framlegg til nytt punkt.
Ordførar sitt framlegg til nytt punkt vart samrøystes vedteke.
Det vart så røysta over kommunedirektøren sitt framlegg til vedtak med vedteke nytt punkt. Kommunedirektøren sitt framlegg til vedtak med vedteke nytt punkt vart samrøystes vedteke.