Her ser du informasjon om eit møte i FORMANNSKAP.
 
Clear
     
 

Møte i FORMANNSKAP den 09.02.2023

FORMANNSKAP
09.02.2023 09.30 - 12.30
Utval:FORMANNSKAP
Dato:09.02.2023 09.30 - 12.30
Møtestad:Møterommet
Status:Vedtak er påført møtet
Sakskart:Innkalling FORMANNSKAP 09.02.2023 (Hoveddokument)
Møteprotokoll:Møteprotokoll FORMANNSKAP 09.02.2023 (Hoveddokument)

Saksliste

  • Godkjenning av møteprotokoll Hoveddokument 84KB

    001/23 - 23/307 - Godkjenning av møteprotokoll

    Journaldato: 02.02.2023  2 dokumenter
    Brevdato: 02.02.2023
    Dokumenttype: Saksframlegg
    Ansvarlig enhet: Sentraladministrasjonen - Stab
    Sakshandsamar: Amund Fuglebakk Aglen

    Dokumenter

     

    Vedtak

    Solund formannskap sin møteprotokoll frå 8. desember vert godkjent.



    Behandling

    Votering:

    Kommunedirektøren sitt framlegg til vedtak vart samrøystes vedteke.

  • Skriv og melding Hoveddokument 89KB

    002/23 - 23/308 - Skriv og melding

    Journaldato: 02.02.2023  1 dokument
    Brevdato: 02.02.2023
    Dokumenttype: Saksframlegg
    Ansvarlig enhet: Sentraladministrasjonen - Stab
    Sakshandsamar: Amund Fuglebakk Aglen

    Dokumenter

     

    Vedtak



    Meldingane vert tekne til vitende slik dei ligg føre.



    Behandling

    Votering:

    Kommunedirektøren sitt framlegg til vedtak vart samrøystes vedteke.

  • Status ny skule med bibliotek Hoveddokument 115KB

    1 - 23/276 - Status ny skule med bibliotek

    Journaldato: 01.02.2023  Sendt til: Solund formannskap   
    1 dokument
    Brevdato: 01.02.2023
    Dokumenttype: Utgåande dokument
    Ansvarlig enhet: Sentraladministrasjonen - Stab
    Sakshandsamar: Amund Fuglebakk Aglen

    Dokumenter

     
  • Orientering om friluftslivets ferdselsårar, og ro- og padleruter Hoveddokument 140KB

    2 - 23/246 - Orientering om friluftslivets ferdselsårar, og ro- og padleruter

    Journaldato: 27.01.2023  Sendt til: Jens-Eivind Kobbeltvedt   
    1 dokument
    Brevdato: 27.01.2023
    Dokumenttype: Utgåande dokument
    Ansvarlig enhet: Samfunns- og næringsutvikling
    Sakshandsamar: Anne Kristine Dyrdal

    Dokumenter

     
  • Oversending av årsmelding mobbeombodet i Vestland 2021-2022 Hoveddokument 219KB

    3 - 22/3141 - Oversending av årsmelding mobbeombodet i Vestland 2021-2022

    Journaldato: 11.10.2022  Avsendar(ar): Vestland fylkeskommune Organisasjon og Økonomi   
    2 dokumenter
    Brevdato: 11.10.2022
    Dokumenttype: Innkomande dokument
    Ansvarlig enhet: Oppvekst og kultur
    Sakshandsamar: Øystein Bolset Strand

    Dokumenter

     
  • KS Debatthefte 2023 Del I - Evne og kraft til å bære Hoveddokument 3MB

    4 - 23/281 - KS Debatthefte 2023 Del I - Evne og kraft til å bære

    Journaldato: 01.02.2023  Avsendar(ar): Ks-Kommunesektorens Organisasjon   
    1 dokument
    Brevdato: 01.02.2023
    Dokumenttype: Innkomande dokument
    Ansvarlig enhet: Sentraladministrasjonen - Stab
    Sakshandsamar: Amund Fuglebakk Aglen

    Dokumenter

     
  • Årleg ruteendringsprosess 2023 - innspel frå Solund kommune Hoveddokument 139KB
    Brevdato: 02.02.2023
    Dokumenttype: Saksframlegg
    Ansvarlig enhet: Samfunns- og næringsutvikling
    Sakshandsamar: Anne Kristine Dyrdal

    Dokumenter

     

    Vedtak

    Solund kommune vil kome med fylgjande innspel til årleg rutejusteringsprosess. Desse byggjer på innkomne innspel i ein kort høyringsrunde og på innsende innspel i 2022.

    • Ekstra stopp på Rutledal mellom 13.40 og 14.30 på ferjesambandet Krakhella Rutledal Rysjedalsvika Losna.

    Det er tidvis mykje trafikk med ferja, særleg sørgåande og i helger, høgtider og sommarsesongen er det mange attståande bilar. Det medfører ei ventetid på fleire timar.

    Midt på dagen er det eit opphald i avgang mellom Krakhella og Rutledal på 4 timar. Mykje næringstrafikk går denne vegen, og i helgene eit aukande tal private reisande. Med ein ekstra stopp på Rutledal midt på dagen vil ein avlaste dei andre avgangane, og næringstransport som skal til m a Solund verft eller Sulefisk t/r vil spare fleire timar ventetid.

    Solund kommunestyre gjorde i K-sak 56/22 slikt vedtak:

    Solund kommunestyre sender innspel til Vestland fylkeskommune om justering av ferjerutene i sambandet Rysjedalsvika-Rutledal-Krakhella med ekstrastopp i Rutledal midt på dagen.

    Solund kommunestyre vil også peike på at det i dei komande åra vil bli mykje trafikk på sambandet mellom anna som følgje av fleire store byggeprosjekt, og ein må i god tid før ny anbodsperiode planlegge utvida kapasitet og frekvens på sambandet.

    • Ny avgang ferje Daløy – Haldorsneset kl. 07.00 frå Haldorsneset på sundagar slik

    som på laurdagar. Dette vil korrespondere med ferje på Krakhella kl. 08.00. Alternativt avgang kl. 09.05 som vil korrespondere med ferja på Krakhella kl. 10.10.

    • Bestillingsrute buss frå søre delar av Ytre Solund til kommunesenteret på vekedagar når skuleruta med båt fell vekk.

    I dag kan reisande frå Nåra og søre delar av Ytre Solund fylgje skuleruta med båt frå Nåra til Hardbakke på morgonen og derifrå ev reise vidare med buss til ekspressbåt frå Krakhella. Dersom skuleruta frå Nåra fell bort, vil dei reisande frå denne delen av kommunen ikkje ha høve til å reise med offentleg transport.

    Det er viktig å framleis ha eit tilbod til dei reisande her, og vi føreslær difor ei bestillingsrute

    med buss som ei forlenging til eksisterande rute som korresponderer med ferje frå

    Haldorsneset kl 08.15.

    Eventuelle andre endringar som gjeld skuleruter, vil vi kome tilbake til når ein har oversikt over behovet.

    • Korrespondanse mellom bussruter langs Sognefjorden på ettermiddag/kveld.

    Solund har både studentar og elevar på vidaregåande som reiser til/frå Sogndal.

    På vinter er det ikkje råd å ta båt frå Sogndal/Balestrand til Rysjedalsvika på ettermiddag/kveld.

    Dei lokale bussrutene korresponderer ikkje lengre med ekspressbuss frå Førde til Bergen, slik at det blir til saman fleire timar venting i Vadheim, Lavik og Rutledal. (reisande må i dag fylgje buss til Instefjord og byte buss der til Rutledal) T.d. vil ei reise frå Balestrand til Krakhella vere på 6 t og 5 min. I tillegg til dette må elevane hentast på Krakhella med privat bil og nokre vil ha ein times reising i tillegg. Ein bør justerer rutene til det opplegget ein hadde for nokre år sidan. Då kunne ein rekke ferje frå Rysjedalsvika kl 18.55.

    • Busstopp for buss frå ekspressbåten frå Krakhella – Daløy om kvelden. Det er

    ynskjeleg at bussen har stopp enten inne ved Solund Næringsbygg/ Hardbakke senter eller Håneset, i staden for i vegen ved senteret.

    Solund kommune ynskjer vidare å løfte innspel som vart sendt i fjor:

    • Korrespondanse mellom ferja Daløy -Haldorsneset og buss frå Daløy til ekspressbåten på kveld.
    • Bestillingstida på lokalbåtane i Nord Solund må reduserast frå 2 døgn før avgang til, til dømes 12 – 24 timar, td. frist kvelden før (17:00) til dagen etterpå.
    • Fleire bestillingsruter for ferja til Losna.
    • Kortare reisetid med buss mellom Hersvik og Hardbakke
    • Bestillingsrute drosje/buss Avløyp og Austrefjorden
    • Båtruter som gjer det mogleg å dagpendle frå øyene i Nord-Solund



    Behandling

    Felles endrings- og tilleggsframlegg:

    • Endring andre kulepunkt:
      Dersom skuleruta frå Nåra fell bort, vil dei reisande frå denne delen av kommunen ikkje ha høve til å reise med offentleg transport
    • Tillegg ferjesambandet Daløy - Haldorsneset:
      Ny avgang ferie Daløy - Haldorsneset kl. 07.00 frå Haldorsneset på sundagar slik som på laurdagar. Dette vil korrespondere med ferje på Krakhella kl. 08.00. Alternativt avgang kl. 09.05 som vil korrespondere med ferje på Krakhella kl. 10.10
    • Tillegg: Innarbeide bestillingsrute frå Austrefjorden som korresponderer med bussruta som går til ekspressbåten på Krakhella
    • Tilegg:
      Busstopp for buss frå eskpressbåten frå Krakhella - Daløy om kvelden. Det er ynskjeleg at bussen har stopp enten inne ved Solund Næringsbygg / Hardbakke senter eller Håneset, i staden for i vegen ved senteret

    Erstattar kulepunkt to frå innspelet frå i fjor:
    Bestillingstida på lokalbåtane i Nord-Solund må reduserast frå 2 døgn før avgang til, til dømes 12 - 24 timar, t.d frist kvelden før (17.00) til dagen etterpå).

    Votering:

    Det vart først røysta over felles framlegg på endring og tillegg. Felles framlegg vart samrøystes vedteke.

    Det vart så røysta over kommunedirektøren sitt framlegg med vedtekne endringar og tillegg. Kommunedirektøren sitt framlegg med vedtekne endringar og tillegg vart samrøystes vedteke.

  • Uttale til gjennomgang av spelemiddelordninga frå Solund kommune Hoveddokument 179KB
    Brevdato: 27.01.2023
    Dokumenttype: Saksframlegg
    Ansvarlig enhet: Samfunns- og næringsutvikling
    Sakshandsamar: Anne Kristine Dyrdal

    Dokumenter

     

    Vedtak

    Solund kommune visar til brev frå Vestland Fylkeskommune med invitasjon til å komme med innspel til gjennomgang av spelmiddelordninga.

    Solund er ein rein øykommune med om lag 770 innbyggjarar. Busettinga er spreidd på om lag 20 øyer, der ein del av desse er veg- og brulause stader. Kommunen er difor i praksis ein eigen bu- og arbeidsregion, og det er ikkje eit reelt alternativ å reise til nabokommunar for å drive fysisk aktivitet i kvardagen. Kommunen har eit sterkt sentrum der alle dei kommunale tenestene er samla, og hovudvekta av innbyggjarane bur i og ved sentrum.

    Som ein forholdsvis liten kommune, der det er avgrensa kor mange som brukar dei ulike anlegga, og det er ikkje alltid behov for anlegg av dei storleikane som er skissert i føresegnene for spelemiddelordninga. Med bakgrunn i dette må heller ikkje minstesummen for spelemiddelprosjekta aukast.

    Solund kommune meiner dette må vere overordna målsettingar for arbeidet:

    • Spelemiddelordninga har fleksibilitet i forhold til behov på staden og type kommune knytt til dei tekniske krava for anlegga.
    • Grensa for å kunne søke tilskot til ulike prosjekt må framleis vere låg.
    • Vekting av anleggsdekning må ta omsyn til reisetid, avstand og geografiske forhold.

    Forankring i lokalt planverk:

    I Solund kommune sin samfunnsdel (lenke) seier vi noko om korleis vi vil ha det i kommunen;

    • eit variert bustadtilbod med god kvalitet og trygge bustadmiljø, der kultur-, idretts- og organisasjonsliv skaper aktivitet, fellesopplevingar og identitet.
    • barn og unge som har trygge, likeverdige og utviklande oppvekstvilkår i en kommune som verdset kunnskap, ferdigheiter og mangfald.
    • god helse og ingen sosial ulikskap og utanforskap
    • innbyggarar, besøkande og næringsliv som deltek i aktivitetar, og skapar aktivitet fordi dei ynskjer å bidra positivt for seg sjølv og andre.
    • innbyggarar, besøkande og næringsliv som brukar naturen aktivt på ein berekraftig måte.

    Det er viktig at også mindre kommunar har gode tilbod og aktivitetsanlegg. Solund kommune meiner at spelemiddelordninga også må sjåast som eit verktøy for meir enn å utvikle anlegg for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv, men eit verktøy som bidreg positivt i samfunnsutviklinga og dreiar denne i ynskja retning. Solund opplever at dei etablerte anlegga bidreg til bustadattraktivitet.

    Det er viktig å sjå ting i samanheng. Eit spelemiddelsprosjekt kan sjåast som eit aktivitetsanlegg og heng saman med folkehelse, men det kan også løyse problemstillingar i samband med trafikktryggleik, legge til rette for tilkomst til kulturminne, geologiske interessante punkt og svartelista artar. Etablering av turstiar kan også i noka grad styre kor ferdselen skjer.

    Solund kommune meiner dette må vere overordna målsettingar for arbeidet:

    • Spelemiddelordninga skal bidra til å auke bustadattraktivitet og betra bumiljø, motverke sentralisering, sikre sosial utjamning og legge til rette for betra folkehelse. Det tel positivt at anlegg også løyser andre utfordringar.

    Korleis ordninga har fungert og korleis ein har nytta ordninga i Solund kommune

    Solund kommune har gode erfaringar med spelmiddelordninga. Denne ordninga gjer det mogeleg å ha større fokus på idretts- og fysisk anlegg, og eit større aktivitetstilbod i ein distriktskommune. Frivilligheita i Solund gjer ein enorm innsats for å skape eit stort og bredt aktivitetstilbod i kommunen med utgangspunkt i desse anlegga.

    Solund kommune har satsa på lågterskel anlegg og nytta ordninga til å etablere både nærmiljøanlegg blant anna i tilknyting til skule, til å bygge opp eit flott aktivitetsanlegg; Solund Idrettspark, med ei rekkje aktivitetar, og turstiar. Solund Idrettspark har blitt til ved å bygge stein på stein etter ein langsiktig plan. For ein mindre kommune er det viktig å kunne bruke tid på å utvikle og bygge ut anlegga, med omsyn til både tidsmessige og økonomiske ressursar. Med ei spreidd busetting er det også viktig at det er rom i føresegnene til å bygge ut anlegg også i dei meir grisgrendte delane av kommunen.

    Solund kommune meiner dette må vere overordna målsettingar for arbeidet:

    • Spelemiddelordninga skal vere open for å bruke tid på å utvikle/ bygge ut anlegg over fleire steg.
    • Spelemiddelordninga skal ikkje legge avgrensingar på lokalisering av anlegg basert på sentralitet, folketettleik, skulekretsar eller liknande.

    Tema 1: Byggjer vi dei rette anlegga?

    Behov og interesser spesielt blant barn og unge endrar seg fortare enn før, og nye anleggstypar kjem og går. Det er truleg behov for å utvikle anleggskonsept som er enkle å bygge om og som tilrettelegg for fleire typar aktivitet på same anlegg. Til dette er ordninga Nyskapande aktivitetsarena ideelt, og må sikrast også for framtida.

    Med omsyn til utfordringane med klima- og naturkrisa, må klimaomstilling vere eit tema i føresegnene og tildelingane. Temaet er relevant opp mot spelemiddelordninga og utbygging av anlegg i samband med klimagassutslepp på varer og tenester, klimatilpassing knytt til vêrendringar, karbonbinding, framande artar og nedbygging av areal og ureining som microplast. For å unngå unødvendig nedbygging av areal, bør ombruk av nedbygd areal premierast. Det bør vurderast å kunne nytte spelemidlar for å legge til rette for aktuelle kulturminne for bruk til anlegg for fysisk aktivitet, samtidig som ein tek i vare kulturminnet.

    Anleggsbehova må definerast i den enkelte kommune der ein kjenner behovet best, og kan sjå anlegg for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv i samanheng med anna samfunnsutvikling i kommunen Barn og unge må medverke i dette arbeidet. Det er viktig at fylkeskommunen bidreg med tips og råd, og orienterer om trendar innan anleggsbehov i behovsvurderinga.

    Solund kommune meiner dette må vere overordna målsettingar for arbeidet:

    • Spelemiddelordninga skal opne for å bygge nærmiljløanlegg om til andre typar anlegg for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv, så lenge den totale levealderen for anlegget er som i føresegnene i dag. Mindre tilskot til ombygging kan gjevast.
    • Spelemiddelordninga gjev ekstra tilskot til:
      • ombruk av areal, bygg el.l. ved etablering av anlegg. Fråvik av spesifikke krav til anlegg kan vurderast i slike tilfelle.
      • anlegg som kan brukast til mange ulike aktivitetar.
      • anlegg som lett kan endrast til noko anna ved ei ombygging .
    • Spelemiddelordninga gjev ekstra tilskot til anlegg som nyttar klima- og naturvenlege løysingar tilpassa lokale forhold som geografi og lokale ressursar.
    • Det skal i gjennomgangen av spelemiddelordninga vurderast om spelemiddelordninga kan nyttast til å etablere anlegg i kulturminne der ein også tek vare på kulturminnet.
    • Fylkeskommunen bidreg med råd, og informasjon om trendar for anleggsbehov til kommunane.

    Tema 2: Krav, vilkår og insentiv

    Statistikk visar at ungdom over 15 år og den vaksne befolkninga driv i størst grad eigenorganisert aktivitet, gjerne i form av friluftsliv. Barn og unge deltek i organisert aktivitet omvendt proporsjonalt med aukande alder. Ein må sikre at det vert etablert anlegg som aktiviserer flest mogleg generelt, og sikrar at barn og unge får med seg gode opplevingar og meistring i samband med fysisk aktivitet inn i vaksen livet. Anlegga må også i størst mogleg grad vere opne for ålmenta og aktivitet som ikkje krev økonomisk ressursar for deltaking. Dette må sjåast i samanheng med ordningar for utlån av utstyr og tilskot til deltaking på aktivitet.

    Solund kommune meiner dette må vere overordna målsettingar for arbeidet:

    • Spelemiddelordninga skal prioritere anlegg som er opne for ålmenta og som inviterer til eigenorganisert aktivitet.

    Tema 3: Kven bør ha ansvar for kva?

    Solund kommune ynskjer å framheve den gode dialogen og rettleiinga som Vestland fylkeskommune (VFK) tilbyr i samband med utvikling av prosjekt og utarbeidinga av spelemiddelsøknader. Den nære relasjonen mellom kommune og fylkeskommune, og lokalkunnskapen VFK har, har vore heilt avgjerande for spelemiddelprosjekta i Solund sin suksess. Det må sikrast god søkjar kompetanse hos aktuelle søkjarar.

    Solund kommune meiner dette må vere overordna målsettingar for arbeidet:

    • Arbeidsfordelinga i spelemiddelordninga skal ikkje sentraliserast utover dagens system, og skal prioritere løysingsorientert dialog, lokalkunnskap og nære relasjonar.
    • Søkjarkompetansen må sikrast med godt tilbod om kursing, og tilbod om rettleiing for søkjarar.


    Anna:
    Solund kommune støttar fråsegn vedteke av Fylkesutvalet 21. september 2021 som er sendttil departementet:

    «Fylkesutvalet ber om at følgjandeutale vert sendt til Kulturdepartementet: «Vestland fylkeskommune ber om at Kulturdepartementet gjer ei grundig vurdering av kva tiltak som kan gjerast for å redusereventetida på spelemidlar i fylkeskommunar som har lang ventetid for tildeling. Det er per i dag svært stor forskjellpå kor lenge eit anlegg i gjennomsnitt må vente på tildelingav spelemidlar. I Oslo har ventetida dei siste åra vore på 0,15 år (2021) og 0,30 år (2020).For Vestland fylkes har ventetida vore på 3,58 år (2021) og 3,97 år (2020). Det bør gjerasttiltak slik at ventetida melom anlegg er så lik som mogeleg over heile landet.

    Vestland fylkeskommune har fleire forslag til korleis dette kan gjerast:

    • Inkludere ventetid som del av kriteria for hovudfordelinga i tillegg til kriteria godkjend søknadssum, tal innbyggjarar og anleggsdekning.
    • Erstatte pkt 2.5.3 i «Bestemmelsene» med ei formulering om auka tildeling til områder med lang ventetid

    Nærmiljøanlegg er mindre tiltak som er enklare å etablere. Det bør vere kortare ventetid på desse anlegga, enn ordinære anlegg, for å stimulere og sikre given og motivasjonen hos lag og organisasjonar som ynskjer å bygge slike anlegg. Solund kommune meiner at anleggspoltikken til Vestland fylkeskommune må stimulere bygginga av nærmiljøanlegg. Dette kan gjerast ved å auke tilskotssatsen til nærmiljøanlegg i forhold til ordinære anlegg, og dermed får ned ventetida på denne typen anlegg.



    Behandling

    Framlegg til nytt punkt v/ ordførar Gunn Åmdal Mongstad

    Vekting av anleggsdekning må ta omsyn til reisetid, avstand og geografiske forhold.

    Votering:

    Det vart røyste over ordførar sitt framlegg til nytt punkt.

    Ordførar sitt framlegg til nytt punkt vart samrøystes vedteke.

    Det vart så røysta over kommunedirektøren sitt framlegg til vedtak med vedteke nytt punkt. Kommunedirektøren sitt framlegg til vedtak med vedteke nytt punkt vart samrøystes vedteke.

  • Revidering av handlingsprogram til kommunedelplan for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv - 2023 Hoveddokument 135KB
    Brevdato: 19.01.2023
    Dokumenttype: Saksframlegg
    Ansvarlig enhet: Samfunns- og næringsutvikling
    Sakshandsamar: Anne Kristine Dyrdal

    Dokumenter

     

    Vedtak

    Handlingsprogrammet til kommunedelplan for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv vert vedteke slik det ligg føre.

    Solund kommune vedtek slik prioritering av spelemidelsøknadane for 2023:

    Ordinære anlegg:

    1. Idrettshus ved Solund Idrettspark, Hardbakke
    2. Ramnenipa rundt, Hardbakke

    Nærmiljøanlegg:

    1. Utviding sendebrettbana, Hardbakke

    Dersom ein søknad ikkje oppfyller alle krav innan fristen som fylkeskommunen set, rykkjer påfølgjande søknader opp ein plass på prioriteringslista.



    Behandling

    Votering:

    Kommunedirektøren sitt framlegg til vedtak vart samrøystes vedteke.

  • Uttale til regional plan for fornybar energi Hoveddokument 179KB
    Brevdato: 10.01.2023
    Dokumenttype: Saksframlegg
    Ansvarlig enhet: Samfunns- og næringsutvikling
    Sakshandsamar: Anne Kristine Dyrdal

    Dokumenter

     

    Vedtak


    Solund formannskap vedtek følgjande uttale til regional plan for fornybar energi:

    Solund kommune er positive til at Vestland fylkeskommune utarbeider planar for tema der fylkeskommunen har verkemiddel, og kan vera ein utviklingsaktør. Planen bør omtale dei fylkeskommunale verkemidla.

    Det er nyttig at det vert utarbeida kunnskapsgrunnlag som også er nyttig for kommunane. Kunnskapsgrunnlaget peikar på fordelar og ulemper med dei ulike fornybare kjeldene. Solund kommune gjerframlegg om at det vert presisert kva fordelane og ulempene er sett i forhold til. Kraftutbyggingar må følgje vanlege kommunale prosessar for arealplanlegging i tråd med plan- og bygningslova. Det må stillast tydelege og strenge krav til konsekvensutgreiingar i samband med kraftutbyggingar.

    Solund kommune vil vurdera korleis kommunen kan bidra til å nå måla om energioverskot frå fornybare energikjelder og ei robust kraftforsyning. Det er ikkje sett av areal til energiutvinning i Solund kommune. Solund produserer ikkje eigen energi, men er aksjeeigar i EVINY. Kommunen er samansett av om lag 13 % landareal, med lang strandsone og eit særmerkt landskap. Resten av kommunen er store sjøområde, der farleiareal og område sett av til fiskeri utgjer ein forholdsvis stor del av dette.

    Solund formannskap vil ikkje ha utbygging av kraft i urørd natur eller på kostnad av viktige verdiar knytt til natur, landskap, kulturminne/kulturmiljø og reiseliv, og som er i strid med kommunestyrevedtak.

    Kommunane som stiller område til disposisjon må få ein føreseieleg kompensasjon og ein rettferdig del av verdiskapinga. Dette vederlaget må fastsettast nasjonalt slik at det ikkje må vere opp til kvar kommune å forhandle. Utbyggingar må kome fellesskapet til gode gjennom skattlegging og lokalt eigarskap.

    Solund kommune har i liten grad omtala energi i sitt planverk, men det er peika på at straumbrot er ein reell fare ved aukande ekstremvêr, og det er viktig for Solund å sikre ein betre infrastruktur for blant anna energi. Vestland fylkeskommune må fremje utbygging av kraftnettet i heile fylket, også mindre stader der det i framtida mellom anna er nødvendig med ladeinfrastruktur for passasjerbåtar. Etterslep i vedlikehald av kraftnettet må ikkje gå på bekostning av ny utbygging. Solund kommune gjerframlegg til endring i tekst på strategi 26: Arbeide for ei utbetring av kraftnettet i heile Vestland. Utbetringa er vesentleg for ei robust kraftforsyning og moglegheit for likare prisar i dei tre prisområda som påverkar fylket.

    I strategi 25: Gjennom eit samarbeid sørga for realisering av havvindproduksjon i havområda utafor Vestland, bør også havbruks- og fiskerinæringa involverast. Sjølv om dette gjeld område som er sett av spesifikt for havvind, vil det vere nyttig å involvere også havbruks- og fiskerinæringa for å etablere dialog og samarbeid, og sikre kunnskapsdeling. Framlegg til tillegg under aktørar: Havbruks- og fiskerinæringane.

    Den regionale planen er oppbygd på ein komplisert måte med hovudmål, delmål, ambisjonsnivå og eit handlingsprogram. Dette er ein struktur som kan bidra til å gjere det vanskeleg å sette planen ut i livet. Det vert oppmoda om at fylkeskommunen vurderer strukturen i planen, eller forklarar forholdet mellom mål, strategiar og ambisjonsnivå.



    Behandling

    Votering:

    Kommunedirektøren sitt framlegg til vedtak vart samrøystes vedteke.

  • Opphøyr av Folkehelserådet Hoveddokument 94KB

    007/23 - 23/241 - Opphøyr av Folkehelserådet

    Journaldato: 09.02.2023  2 dokumenter
    Brevdato: 26.01.2023
    Dokumenttype: Saksframlegg
    Ansvarlig enhet: Samfunns- og næringsutvikling
    Sakshandsamar: Mona Hjønnevåg

    Dokumenter

     

    Vedtak

    Solund formannskap vedtek at Folkehelserådet opphøyrer. Kommunedirektøren skal syte for at samarbeid og medverknad sikrast med dei metodar som høver best.



    Behandling

    Votering:

    Kommunedirektøren sitt framlegg til vedtak vart samrøystes vedteke.

  • Uttale til KS Debatthefte del II - Mellomoppgjøret 2023 Hoveddokument 98KB
    Brevdato: 01.02.2023
    Dokumenttype: Saksframlegg
    Ansvarlig enhet: Sentraladministrasjonen - Stab
    Sakshandsamar: Amund Fuglebakk Aglen

    Dokumenter

     

    Vedtak

    Solund formannskap gjev fylgjande uttale til debatthefte 2023 del II:

    1. Den økonomiske rammen i mellomoppgjøret 2023 bør forhandles sentralt.
    2. Vert det forhandla lokalt må potten være så stor at det er verdt bryet, og det bør være klart kva av det sentrale tillegget som er meint å dekke inflasjon m.m.
    3. Solund kommune har også utfordringar knytt til rekruttering, særleg av yrkesgruppane med høgare utdanning. For å få til god rekruttering må det arbeidast i fleire spor men løns- og avtalevilkåra er viktig for at kommunane skal lykkast med rekrutteringsjobben



    Behandling

    Felles endringsframlegg i punkt 3:

    Stryk "3- eller 4-årig"

    Votering:

    Det vart fyst røysta over felles endringsframlegg. Felles endringsframlegg vart samrøystes vedteke.

    Det vart so røysta over kommunedirektøren sitt framlegg til vedtak med vedteke endring. Kommunedirektøren sitt framlegg til vedtak med vedteke endring vart samrøystes vedteke.

  • Arbeidsutval rullering av godtgjersle til folkevalde Hoveddokument 305KB
    Brevdato: 26.01.2023
    Dokumenttype: Saksframlegg
    Ansvarlig enhet: Sentraladministrasjonen - Stab
    Sakshandsamar: Amund Fuglebakk Aglen

    Dokumenter

     

    Vedtak

    Solund kommunestyre vel gruppeleiarane til arbeidsutval for rullering av godtgjersle til folkevalde.

    Utvalet skal utarbeide tilråding til nivået for godtgjersle og kan elles komme med innspel til alle sider med reglementet. Utvalet skal levere si tilråding seinast 15. mai 2023.



    Behandling

    Felles framlegg til vedtak:

    Solund kommunestyre vel gruppeleiarane til arbeidsutval for rullering av godtgjersle til folkevalde.

    Utvalet skal utarbeide tilråding til nivået for godtgjersle og kan elles komme med innspel til alle sider med reglementet. Utvalet skal levere si tilråding seinast 15. mai 2023.

    Votering:
    Felles framlegg til vedtak vart samrøystes vedteke.

Frammøte

Frammøte
PolitikarPartiMedlemstypeE-Post
Gunn Åmdal MongstadSenterpartietUtvalsleiargunn.amdal.mongstad@solund.kommune.no
Tom FærøyArbeiderpartietNestleiartfaer@online.no
Øyvind LosnegardSenterpartietMedlemolosnegard@gmail.com
Svein Jardar UtværHøgreVararepr.sv-utvae@online.no
Nils Christian BjørgoSenterpartietVararepr.nils.bjorgo@gmail.com
Kenneth Sæbø (Ikke møtt) HøgreMedlem
Anne Marie Gåsvær (Ikke møtt) SenterpartietMedlem

Kontaktinformasjon om tenesta

Solund kommune
Telefon: 57786200