Ordføraren vår 2015 - 2019

Klikk for stort bilete

Ordførar i Solund for perioden 2015 - 2019 er Gunn Åmdal Mongstad. Ho har tidlegare vore ordførar i perioden 2003 - 2011 og representerer Senterpartiet.

Gunn er fødd i 1963, er utdanna adjunkt og har vore tilsett ved Solund barne- og ungdomsskule sidan 1988, både som lærar og undervisningsinspektør.

Sidan 2007 har ho og vore fast medlem av Sogn og Fjordane Fylkesting.

Kontaktopplysningar ordførar
Telefon Mobil e-post
57 78 62 06 951 71 031 Gunn Åmdal Mongstad
Publisert 08.05.2012
Kaffi, kaker og samtale

Måndag 30.april gjekk Jan Henrik «Henke» Mattevik sin siste tur med Pandora i rute i Nord Solund. I den anledning var eg med på ruta, og overrekte ein blome til Henken som takk for innsatsen gjennom alle desse åra.

Publisert 12.03.2012
Felles formannskapsmøte januar 2012

Når eg no sit og skriv denne oppdateringa om mitt virke som ordførar merkar eg at eg er glad for at eg ikkje har lovd at dette skal vere ein direkte regelmessig aktivitet. Sidan sist gong eg skreiv, nett før jul, har kvardagen vore prega av ein travel kvardag, og ikkje så lett å finne tid til å oppdatere innbyggjarane på kva som rører seg i kommunen. Dette er jo i all hovudsak eit positivt teikn, då det tydeleggjer det store aktivitetsnivået.

Publisert 22.12.2011
Julelys i stake

For vel ein månad sidan skreiv eg ei lita oppdatering frå dei første vekene som ordførar, og som eg skreiv då, så er ambisjonen at eg tak om anna skal gje innbyggjarane eit lite innblikk i korleis kvardagen er for ordføraren. Grunnen til at det har teke såpass lang tid før eg har kome i gong med å skrive til dykk er ganske enkelt det at det har vore hektiske dagar. Mange interessante møter gjev mindre tid til å sitje bak kontorpulten, og slik skal det vel også vere. Eg har høyrt fleire ordførarar, både noverande og tidlegare, sagt at kanskje den viktigaste delen av ordførarvervet er "utanrikstenesta". Det å vere ute og treffe folk, både Sulingar og dei som har bestemmingsmynde høgare oppe i systema.

Publisert 24.04.2009
Kommunevåpenet

 

Blå spissruter (øyar) på sølv (hav).

 

 

Våpenmerket prøver fange det særmerkte i Solund-naturen og illustrerer eit band av øyar mot vest, med sund mellom.

Solund kommune er til berre av øyar, i hovudsak nord-sør orienterte, ved sida av kvarandre mot vest. Mellom øyane går fleire små og større skipsleier.

Fann du det du leitte etter?