Ordføraren vår 2015 - 2019

Klikk for stort bilete

Ordførar i Solund for perioden 2015 - 2019 er Gunn Åmdal Mongstad. Ho har tidlegare vore ordførar i perioden 2003 - 2011 og representerer Senterpartiet.

Gunn er fødd i 1963, er utdanna adjunkt og har vore tilsett ved Solund barne- og ungdomsskule sidan 1988, både som lærar og undervisningsinspektør.

Sidan 2007 har ho og vore fast medlem av Sogn og Fjordane Fylkesting.

Kontaktopplysningar ordførar
Telefon Mobil e-post
57 78 62 06 951 71 031 Gunn Åmdal Mongstad
Publisert 07.10.2015
Odny Ravnøy driv dugnad på Gjenbruket

HM Kongen og HM Dronninga har invitert eldre eldsjeler over heile landet til Afternoon Tea på Slottet 15.10.15. Ei av dei eldsjelene som er invitert er Odny Ravnøy frå Solund.

 

Publisert 24.09.2015
Ekspressbåt

 

 

Sogn og Fjordane fylkeskommune har bede om innspel til ruteendringar frå 2016. På grunn av store innsparingskrav i fylkeskommunen, så utfordrar dei særskilt kommunane om innspel som kan gje innsparingar i ruteproduksjonen. Solund kommune har fått frist til 1.oktober til å kome med innspel, og difor vil vil be om innspel til kommunen frå innbyggjarar og andre brukarar av ruter i Solund. 

 

Brevet frå Sogn og Fjordane fylkeskommune kan du lese her. (PDF, 112 kB)

 

Vi ber om at innspel vert sendt til Solund kommune, anten via post eller på e-post til post@solund.kommune.no innan 29.09.15. 

Publisert 14.07.2015

Tida går alltid litt fortare enn ein har tenkt, og denne sommarhelsinga som eg ville leggje ut før eg gjekk på ferien, vert no i staden skrive første veka i ferien min. Det tykkjer eg eigentleg er ganske kjekt, for det er eit teikn på at det skjer mykje, og at fleksibiliteten må rå. Det må den ganske ofte gjere i Solund, ikkje berre frå meg som ordførar, men også frå innbyggjarar og tilsette i kommunen. Eg trur den fleksibiliteten vi har som innbyggjarar i ein liten kommune er eit fortrinn vi har for å sikre utvikling.

Publisert 19.06.2015
Ja til bru over Ytre Steinsund

Eit samrøystes fylkesting vedtok onsdag 17. juni at ein skal setje i gong eit utgreiingsarbeid for å sjå på finansiering av ferjeavløysingsprosjekta bru over Ytre Steinsund, Atløysambandet og 45-minuttsregionen (mellom Måløy og Florø).

Fann du det du leitte etter?