Hafs barnevernteneste

HAFS barnevernteneste har ansvar for barneverntenester i kommunane Hyllestad, Askvoll, Fjaler og Solund.

Barnevernstenesta har hovudkontor i Fjalerhuset i Dale og har ikkje faste kontordagar i nokon av kommunane. Dei møter brukarar og samarbeidspartar ute i kvar av kommunane etter behov.

Barnevernet si målgruppe

Barneverntenesta si målgruppe er born og unge i alderen 0 til 18 år og familiane deira.
Når ungdomane samtykkjer kan tiltak som er sett i verk før fylte 18 år, oppretthaldast eller erstattast inntil ungdomen fyller 23 år.

Slik når du barneverntenesta

  • Sentralbord, telefon 57 73 80 30
  • Besøksadresse: Fjalerhuset, Dalstunet 20 andre etasje
  • Postadresse: Hafs barnevernsteneste, Dalstunet 20, 6963 Dale i Sunnfjord

Krisesituasjonar utanom arbeidstid 

Ring interkommunal barnevernvakt: telefon 474 57 272

Vaktordninga er felles for kommunane Sunnfjord, Kinn, Bremanger, Hyllestad, Askvoll, Fjaler og Solund.

Hovudoppgåva er å hjelpe barn og familiar i akutt krise og som ikkje kan vente til neste arbeidsdag. Barnevernvakta vil vere bemanna med tilsette i dei kommunale barneverntenestene som i hovudsak vil gi råd og rettleiing på telefon. Ved akutt krise kan barnevernvakta vurdere å rykke ut for å bistå meir aktivt i situasjonar.

Melding til barnevernet

  • Det er viktig at du melder frå til barnevernet dersom du er bekymra for eit barn. Meldinga frå deg kan vere viktig for barnet eller ungdomen det gjeld.
  • Barn og ungdom kan sjølv ta kontakt med barnevernet. 
  • Offentleg tilsette har plikt til å gi opplysningar til barnevernet når det er grunn til å tru at eit barn blir utsett for mishandling, andre former for alvorleg omsorgssvikt eller når eit barn har vedvarande alvorlege adferdsvanskar. Melding frå offentlege instansar skal vere skriftleg.

Du kan melde digitalt

Vi oppmodar deg om å nytte digitalt skjema for sikker og effektiv innmelding til barnevernstenesta. 
Løysinga består av to ulike skjema; eitt for privatpersonar og eitt for offentlege tilsette. 

Bekymringsmelding for privatpersonar

Bekymringsmelding for offentleg tilsette

Du kan óg sende meldeskjema pr post

Dersom du ikkje har høve til nytte det digitale skjemaet, kan du laste ned eit meldingsskjema i Word. Det fyller du ut og sender til Hafs barnevernsteneste. NB: grunna personvernomsyn må dette skjemaet sendast i posten og ikkje via e-post. 

Last ned meldeskjema her (DOCX, 34 kB)

Meir om barnevernet

Hovudoppgåva til barneverntenesta er å bidra til at born og unge får trygge oppvekstvilkår. Born og unge som lever under forhold som kan skade deira helse og utvikling, skal få naudsynt hjelp og omsorg til rett tid.

Både kommunane og staten har oppgåver og ansvar på barnevernområdet. Born som har særlege behov, skal først og fremst få hjelp i sin eigen heim. Dersom det ikkje er nok å gje hjelpetiltak i heimen, kan eit tiltak vere at barnet for ein periode bur i fosterheim eller institusjon. Barneverntenesta skal i slike tilfeller alltid undersøkje om det er mogeleg for barnet å bu saman med nokon i slekt eller i nettverket sitt.

Du finn fleire opplysningar om barnevernstenesta på Fjaler kommune si nettside

Samtykke - Solund på tvers

I nokre tilfelle vil det vere nødvendig med eit tett samarbeid mellom ulike offentlege instansar for å kunne gje best mogleg oppfølging til eit barn. Det må føreligge samtykke for at offentlege instansar kan samarbeide og dele teiebelagt informasjon.

Les meir om samtykke her

 

Nyttige nettstader:

barnevernet.no

Alarmtelefonen for born og unge - 116 111

Øystein Bolset Strand
Leiar oppvekst og kultur
Oppvekst og kultur
Epost
Telefon 57 78 62 35